Håkjerring

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Håkjerring

Status i verda: NT Nær truga

Greenland-shark-Scoresby-1820.gif

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordate
Klasse: Chondrichthyes
Underklasse: Elasmobranchii
Orden: Squaliformes
Familie: Somniosidae
Slekt: Somniosus
Art: S. microcephalus
Vitskapleg namn
Somniosus microcephalus

Håkjerringer ein stor hai i håfamilien som held til i arktiske farvatn i Nord-Atlanterhavet, særleg i havet mellom Island og Grønland, men òg langs norskekysten og i Barentshavet. Leveviset til denne haiarten er lite utforska. Namnet håkjerring har denne haiarten fått fordi ein tidlegare trudde dette var hofisken av same arten som håbrand.

Utbreiinga til håkjerring.

Ei håkjerring er oftast mellom tre og fire meter lang. Ho veg då om lag 300 kg. Ho kan verte mykje større, heilt opp til åtte meter. Ho veks seint. Ei håkjerring som vart fanga ved Grønland, skal ha vore merkt ved norskekysten 16 år tidlegare[1]. Ho hadde vakse åtte centimeter.Håkjerringa føder levande ungar. Det vart først bekrefta i 1954 då ein norsk fiskebåt fekk ei håkjerring med ti levande foster.

Ei håkjerring har 48 - 52 små kvasse tenner i kvar kjeve. Ho vert rekna som ein altetande rovfisk. I magen til håkjerringar har ein mellom anna funne heile selar av ulikt slag, torsk, laks, lange og storkveiter. Steinkobbe kan ho take medan han søv i vatnet[2]. Det er uklart korleis ho fangar kjappe skapningar som torsk og laks. Dei fleste håkjerringar er angripne av parasittar som fester seg til auga. Dette hemmar synet. Parasittane har lange eggsekkar som heng ut frå auget. Det har vorte framsett teori om at når eggsekkane viftar framfor auge kan dei lokke fisk bort til håkjerringhovudet[3].

Tennene til håkjerring.

Håkjerringfiske har gått fore seg over heile utbreiingsområdet. Ho har vorte fiska for å utvinne tran av den feitthaldige levra. Ein reknar at levra tilsvarar 12% av fisken. Ein kan få opp til 60% olje av levra. Håkjerringkjøtet kan etast, men det har vorte rekna som dårleg mat. Det kjem av at det vert utvikla ammoniakk i fiskekjøtet kort tid etter han er daud. Om kjøtet vert salta, isa eller frose når det er heilt ferskt, kan det omsetjast til konsum. Det har vorte gjort både i Europa og USA.Tidlegare veit ein at håkjerringkjøt vart turka som rekling både i Noreg, Island og Grønland. Det kunn og verte nedgrave, slik at det gjæra før det vart opphengd.

Fiske av håkjerring har vorte populært mellom sportsfiskarar. Den norske sportsfiskerekorden er på 775 kg.[4]


Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Håkjerringfiske

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Håkjerring