Håkon Austbø

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Jon Håkon Austbø (fødd 22. oktober 1948 i Kongsberg) er ein norsk klassisk pianist. Han er soneson av Johan Austbø og svoger til Pål Steigan.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Håkon Austbø var elev hjå Hildegunn Reuter, og han hadde opptredenar med Harmoniens Orkester i 1963. Debutkonserten hans i Universitetets Aula i 1964 vekte stor oppsikt. Austbø studerte i Paris i åra 1966–71, frå 1969 til 1971 med komponisten og organisten Olivier Messiaen. I 1971 vann han den opne franske Messiaen-pianokonkurransen. Sidan studerte han ved Julliard School of Music i New York og Staatliche Hochschule für Musik i München.

Austbø har vunne fleire internasjonale prisar, og var frå 1974 busett i Nederland, der han var dosent ved musikkonservatoriet i Utrecht. Han underviste sidan ved Sweelinck-konservatoriet i Amsterdam. No er han busett i Noreg att, og sidan januar 2007 har han vore professor ved Universitetet i Stavanger, på institutt for musikk og dans. For det mangeårige arbeidet sitt med musikken til komponisten Aleksandr Skrjabin har han fått vervet som visepresident i det internasjonale Skrjabin-selskapet i Moskva.

Austbø er særleg kjend for tolkingane sine av Olivier Messiaen og Aleksandr Skrjabin. I 1998 vann han Edison-prisen for innspelinga si av Catalogue d'oiseaux og Petites Esquisses d'oiseaux av Messiaen. Han vart også tidleg kjend som kammermusikar gjennom Trio du Nord saman med Ole Bøhn og Hege Waldeland.

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]