Håkon II av Noreg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Håkon II)
Håkon II

Konge av Noreg
Regjeringstid11591162
Fødd1147
FødestadNoreg
Død7. juli 1162
DødsstadRomsdalen
DynastiGille dynasty
FarSigurd II av Noreg
MorThora

Håkon II (Sigurdsson) Herdebrei (dvs. 'skulderbrei') (11477. juli 1162) var norsk konge frå 1157 til 1162.[1]

Håkon var uekte son av Sigurd Munn, og vart etter at faren og farbroren Øystein II Haraldsson var døde, teken til konge av deira tilhengjarar. Dei held fram kampen mot kong Inge Krokrygg under førarskap av Sigurd på Røyr (i Ringsaker). Flokken hadde ein del medgang og felte kong Inge i 1161 eit slag på isen ved Oslo. Håkon sitt parti hadde særleg støtte i Trøndelag. Han var nær ved å verta anerkjent då han var 15 år gammal, men det overvunne partiet samla seg under Erling Skakke.

Snorre Sturlason skriv i Heimskringla (Norske kongesoger):

Då låg Håkon i ei hamn ... (alle handskriftene har eit ope rom for namnet) og hadde 14 skip. Han sjølv og mennene hans var oppe på øya og leika seg, men lendmennene hans sat på en haug. Då såg dei ein båt som kom roende sørfrå imot øya. Det var to mann i båten ... då svara den som først kunne få opp målet for trøyttleik: «Her sigler Erling nordover imot dykk med 20 skip eller så pålag ...» Då stemnde alt mannskapet til skipa, og kvar sprang ut på det skipet som var nærast, og skipa vart ujamt manna. Nokre tok til årane og nokre reiste mastene og snudde skipa nordetter og stemde til Veøy; for der venta dei seg mykje hjelp fra bymennene. Eindride Unge hadde eit skip som heitte Draglaun, eit stort busse-langskip, og dette hadde for lite mannskap, for dei som før hadde vore ombord der hadde sprunge over på andre skip og det var det attarste av skipa hans Håkon.
Då Eindride kom rett utanfor øya Sekken, kom Bøkesuda, som Erling Skakke styrde, etter dei og haka seg fast. Men skipet hans Håkon var mest kome inn til Veøy då dei høyrde lurane gjekk. Dei skipa som var nærast snudde att og ville hjelpe Eindride, og no la dei til slag frå begge sider. Då sette alle i hærrop og eggja kvarandre opp og rodde fram. I dette ståket fekk kong Håkon banesår. Liket til kong Håkon Herdebrei førte dei inn i Romsdalen og jorda det der; men kong Sverre, bror hans, førte sidan liket til kong Håkon nord til kaupangen, og let dei legge det i steinveggen i kristkyrkja på sørsida i koret.

Det står bautaer på Sekken og Veøy til minne om slaget. På Sekken vert det òg kvart år skipa til ein turmarsj, Herdebreimarsjen, til minne om Håkon Herdebrei.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Håkon II av Noreg