Håkon III av Noreg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Håkon Sverresson
Konge av Noreg
Regjeringstid 1202 til 1204
Fødd 1170-talet(?)
Død 1. januar 1204
Føregjengar Sverre Sigurdsson
Gift med ugift
Born Med frilla Inga frå Varteig:

Håkon III Sverresson (ca. 11701. januar 1204) gamalnorsk Hákon Sverrisson, var konge av Noreg frå 1202 til 1204.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Håkon vart fødd som den andre uekte sonen til den framtidige kong Sverre, truleg på Færøyane, og frilla hans Astrid Roesdotter, ein gong på 1170-talet. Dette var under den norske borgarkrigstida.

Borgarkrigstida i Noreg varte frå om lag 1130 til 1240. I denne tida pågjekk det mange ulike stridar av ymse omfang og styrke. Bakgrunnen for desse stridane var dei uklare norske tronfylgjelovene, sosiale forhold og kampen mellom ulike aristokratiske parti og mellom kyrkja og kongen. Det var for det meste to ulike flokkar, kjent ved ulike namn. Til slutt stod striden mellom birkebeinar og baglar. Midtpunktet for flokkane var som oftast ein kongsson som vart sett opp som kongsemnet til flokken. Sverre og Håkon var leiarar for birkebeinane.

Strid[endre | endre wikiteksten]

Håkon vert første gongen nemnt som ein av leiarane for faren sine styrkar i eit slag mot baglarane i Oslo i 1197. Seinare er han nemnt fleire gonger som ein av hærleiarane til Sverre. Då Sverre døydde, 9. mars 1202, erklærte han på dødsleiet at han ikkje hadde andre levande søner enn Håkon. Han skreiv òg eit brev til Håkon der han rådde han til å koma til forlik med kyrkja, som Sverre hadde vore i strid med gjennom heile regjeringstida si. Då meldinga om at Sverre var død nådde Håkon i Nidaros vart han tatt som hovding av dei birkebeinane som var der. Same våren vart han hylla som konge på Øyratinget.

Den same våren kom dei norske biskopane, som hadde vore i eksil i Sverige og Danmark og støtta baglarane, attende til Noreg og kom til forlik med Håkon. Det verkar som om han har gitt etter for dei fleste av krava deira. Noreg vart løyst frå interdiktet som landet vart sett under under kong Sverre. Sagaen seier at Håkon for mildt fram og var godt likt av bøndene, og då striden mot kyrkja òg var løyst mista baglarane mykje støtte. Hausten 1202 vart baglarkongen Inge Magnusson drepen av opplandsbøndene på Helgøya i Mjøsa og baglarflokken i Noreg gjekk i oppløysing. Eit nytt kongsemne, Erling Steinvegg, dukka snart opp i Danmark, men han ville ikkje reisa til Noreg fordi han såg liten sjanse til å lukkast mot Håkon. Håkon var dermed blitt einekonge i Noreg.

Død[endre | endre wikiteksten]

Håkon hadde, ifylgje sagaen, eit anstrengt forhold til faren Sverre si dronning, Margret Eiriksdotter. Då Sverre døydde ville Margret ta med seg dottera deira, Kristin, til Götaland, der ho kom frå. Håkon sine menn tok kongsdottera frå Margret med makt, fordi Håkon ville ha henne hjå seg. Etter kvart skal Margret ha kome til ei ordning med Håkon og fylgt han.

I jula 1203 vart Håkon sjuk etter ei årelating. Han døydde 1. januar 1204. Margret kom snart under mistanke for å ha forgifta han. Ho prøvde å reinvaska seg ved å la ein av mennene sine bera jarn på hennar vegne, men mannen vart sterkt forbrent. Dette vart tatt som prov på at ho var skuldig, og ho måtte flykta til Sverige.

Håkon Sverresson var ikkje gift, og då han døydde hadde han ingen kjente arvingar. Han vart difor etterfylgt av den fire år gamle nevøen sin, Guttorm Sigurdsson. Men etter at Håkon var død kom ei kvinne, Inga frå Varteig, som Håkon hadde hatt som frille ei tid i 1203, til birkebeinane med ein gut som ho sa var Håkon sin son. Guten hadde vorte fødd i det som i dag er Eidsberg kommune etter Håkon sin død. Inga vart trudd, og sonen hennar vart seinare kong Håkon Håkonsson.

I løpet av den korte regjeringstida si klarde Håkon å få Noreg løyst frå det kyrkjelege interdiktet og avslutta borgarkrigane, iallfall for ei tid. Om freden ville ha vart dersom Håkon hadde fått leva er umogleg å seie. Slik som det gjekk så utløyste hans tidlege død ei ny oppblussing av kampane. Baglaren Erling Steinvegg såg sjansen sin, og berre nokre månader etter at Håkon døydde hadde han reist ein flokk og kome til Noreg for å krevja trona.

Grav og ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Håkon vart gravlagd i Kristkyrkja i Bergen. Denne kyrkja vart riven i 1531. Staden der ho stod, på området til det som i dag er Bergenhus festning, er merkt av med eit minnesmerke.

Hovudkjeldene våre til Håkon sitt liv er Sverressoga og Baglarsoga, som begge vart skrivne kort tid etter hendingane dei omtalar, tidleg på 1200-talet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Noregs kongesoger bind 3: Sverre-soga (omsett av Halvdan Koht) og Soga om baglarar og birkebeinar (omsett av Gunnar Pedersen). Oslo, Samlaget 1979