Håkon Løken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Håkon Løken (9. november 185910. september 1923) var ein norsk journalist og jurist.

Løken var fødd på Inderøy i Nord-Trøndelag. Han var redaktør i Dagsposten frå 1890 til 1902, før han tok med seg staben over i den nystarta avisa Nidaros, der han var fram til 1910. Han var dessutan konstituert borgarmester i Trondheim, før han i 1910 blei statsadvokat i Bratsberg og Nedenes (Telemark og Aust-Agder), og frå 1913 i Oslo. Han var konstituert fylkesmann i Oslo i periodane 1918–1920 og 1921–1923.

Håkon Løken er òg kjend for å ha gjeve namn til Trollheimen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]