Håkon Randal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Håkon Olav Randal (9. juli 193022. juli 2012) [1] var ein norsk Høgrepolitikar frå Eivindvik i Gulen kommune. Randal var son til ordførar Søren Randal.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Randal arbeidde som lærar, rådgjevar og skulestyrar i åra 1962 - 1973 m.a. ved ungdomsskular i Manger og Bremnes. Han vart stortingsrepresentant for Hordaland frå 1973 - 1985, og var medlem av presidentskapen i Stortinget 1981-1985, og medlem av Høgre sitt gruppestyre i same periode. Frå 1984 til 1998 hadde Randal så stillinga som fylkesmann i Hordaland.

Randal hadde ei lang rekkje politiske verv. Av desse kan nemnast medlemskap av fylkesskulestyret i Hordaland 1972 - 1974, leiar i Mongstad-utvalet frå 1985, leiar i rådet for tusenårsjubileet for Den norske kyrkja 1988 - 1995, styremedlem og styreleiar i Hordaland Høgre 1977-1979, medlem av sentralstyret i Høgre 1977 - 1984 og 1. viseformann i Høgre 1980 - 1984.

Vidare var Randal leiar i Bergen Forsvarsforening 1989 - 1993 og president i Norsk Forsvarsforening frå 2001. Frå 2006 var han formann i Hordaland Senior Høgre.

Randal vart utnemnt til storriddar av Islands Falkeorden med stjerne i 1996. Randal var også frimurar.

Stortingskomitéar[endre | endre wikiteksten]

  • 1981 – 1985 leiar i Den førebuande fullmaktskomitéen
  • 1981 – 1985 medlem i Den utvida utanriks- og konstitusjonskomitéen
  • 1981 – 1985 formann i Kommunal- og miljøvernkomitéen
  • 1981 – 1985 varamedlem i Den utvida utanriks- og konstitusjonskomitéen
  • 1981 – 1985 formann i Fullmaktskomitéen
  • 1977 – 1981 nestformann i Den førebuande fullmaktskomitéen
  • 1977 – 1981 medlem i Kyrkje- og undervisningskomitéen
  • 1977 – 1981 nestformann i Fullmaktskomitéen
  • 1973 – 1977 varamedlem i Den førebuande fullmaktskomitéen
  • 1973 – 1977 medlem i Kyrkje- og undervisningskomitéen

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnote[endre | endre wikiteksten]