Håkon Sigurdsson Jarl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Håkon Jarl, teikning av Christian Krohg

Håkon Sigurdsson Jarl, eller berre Håkon Jarl (Håkon Ladejarl, Hákon jarl hinn ríki) var son av Sigurd Håkonsson, Jarl av Trøndelag. Mor hans var Bergljot Toresdotter. Håkon Jarl vart fødd om lag i år 935 og døydde i år 995.

Saman med Tora Skagesdotter fekk Håkon Jarl borna Eirik Håkonsson (f. 963), Svein Håkonsson, Heming, Bergljot, Erling, Ragnhild og Erlend.

Håkon vart jarl etter at far hans vart drepen av kong Harald II Gråfell sine menn i 963. Håkon kjempa mot Harald ei tid. Etter kvart måtte han reisa til utomlands. I Danmark fekk han stønad hjå kong Harald Blåtann. Saman la dei planar for å kjempa mot Harald Gråfell.

Harald Gråfell vart drepen i 976. Etter dette styrde Håkon Jarl Noreg på vegne av Harald Blåtann. I røynda var Håkon så godt som sjølvstendig styrar. Håkon Jarl trudde sterkt på dei norrøne gudane. Han gav til og med den gamle trua eit oppsving i Noreg. I hyllingskvadet Vellekla (Einar Skålaglamm) vert Håkon Jarl hylla som den store fornyaren av den gamle religionen. Harald Blåtann prøvde å kristna han. Etter dette braut Håkon med Danmark. Danskane vart slegne i slaget i Hjørungavåg. Slaget er tidfest til kring år 986.

I 995, kom Olav I Tryggvason til Trøndelag med ein hær. Håkon mista etter kvart all stønad hjå stormennene i Trøndelag. Bøndene støtta óg opp om Olav. Til sist vart Håkon drepen i februar 995 av sin eigen træl medan han gøymde seg i grisebingen på garden Rimol i Melhus. Trælen heitte Tormod Kark.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!