Håkon VI Magnusson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Håkon VI
Kong Haakon VI Magnusson PI XVII 1.jpg
Seglet til Håkon VI.
Konge av Noreg og Sverige
Fødd 1340
Død 1380
Gravlagd Mariakyrkja i Oslo[1]
Føregjengar Magnus Eriksson
Etterfølgjar Olav IV Håkonsson
Gift med Margrete I
Far Magnus VII
Mor Blanka av Namur
Born Olav IV (1370-1387)

Håkon VI Magnusson (13401380) var konge av Noreg i tidsrommet 1355-1380.

Håkon var son åt den svensk-norske kongen Magnus Eriksson som overlét makta i Noreg åt han i 1355, medan den eldste sonen skulle erva Sverige når han døydde. Eit problem var det difor at Noreg var arverike, medan Sverige var valkongedøme. Difor meinte mange at det burde vera omvendt, noko som førde til strid mellom kong Håkon og far hans på ei side, og bror hans Erik Magnusson av Sverige på hi sida.

Håkon VI Magnusson var gift med dronning Margrete Valdemarsdotter av Danmark, noko som innleidde 434 år med dansk-norsk union.

Håkon VI Magnusson var konge av Sverige frå 1362 til 1364, og regjerte saman med far sin til Albrekt av Mecklenburg kom til makta.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]