Håkon V av Noreg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Håkon V av Noreg
Haakon Magnussens segl-013.jpg
Sigillet til Håkon Magnusson.
Konge av Noreg
Død 8. mai 1319 på festninga Tunsberghus
Føregjengar Eirik II Magnusson
Etterfølgjar Magnus Eriksson
Ektefelle Eufemia av Arnstein
Far Magnus VI Lagabøte
Mor Ingeborg Eriksdotter
Born Med Eufemia: Ingeborg Håkondotter
Med Gro Sigurdsdotter: Agnes Håkondotter.

Håkon V Magnusson (12708. mai 1319) var konge av Noreg frå 1. november 1299 og til han døydde i 1319. Han er kjend for bygginga av Akershus festning, Båhus festning og Vardøhus festning.

Håkon Magnusson var son av Magnus VI Lagabøte og Ingeborg Eriksdotter. Han var formelt hertug frå 1273, reelt frå 1284.

Saman med dronning Eufemia av Arnstein fekk han dottera Ingeborg Håkondotter. Utanom ekteskap vart han saman med Gro Sigurdsdotter far til Agnes Håkondotter.

Ingeborg Håkondotter vart gift med den svenske hertugen Erik Magnusson av Södermanland. Med Håkon døydde Sverreætta ut på mannssida og Erik og Ingebjørg sin son Magnus Eriksson vart i 1319 konge både i Noreg og Sverige.

Leivningane til Kong Håkon V og dronning Eufemia blei overførde til Akershus festning i 1982.

Håkon V såg si kongsgjerning i eit kristent perspektiv. Han gav påbod om å laga overnattingsstadar for pilegrimar på veg til Nidaros.

I Mariakyrkja i Oslo fanst eit Håkons-alter, og det vert fortald at kongen heilt til inn i på 1500-talet vart halden for å vera ein helgen.

Håkon Magnusson flytta hovudstadsfunksjonane frå Bergen til Oslo og bygde dei utanrikspolitiske linene sine austover. Det gjekk mot den lina den tidlegare kongemakta hadde følgd, med sterk satsing på dei nordatlantiske områda i vest for å halde på og sikre «Noregsveldet». Då han tok makta etter Eirik II Magnusson sørgde han òg for å fjerne medlemmer frå det tidlegare kongsrådet, mellom anna baron Audun Hugleikson Hestakorn, som vart arrestert like etter kroninga og sidan hengd på Nordnes i Bergen tre år seinare, i 1302.

Der kom Bud for Oslo ind
og ingen Mand dem kjende:
død var hellig Haakon Konning
Sankt Olaf Kongens Frende.
Død var hellig Haakon Konning
og Gud kaldte ham af dage:
han blev ført i Oslo ind,
i Mariekirke lagdes han i Graven.


(Dansk handskrift frå om lag 1560)

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!