Hårberget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hårberget
fjell
Land  Noreg
Kart
Hårberget
68°34′00″N 16°27′58″E / 68.56659°N 16.46601°E / 68.56659; 16.46601

Hårberget (nordsamisk Hoalbmavarri) er ein jamn avrunda fjellkolle på 399 moh. ved Sandtorg i Harstad kommune. Størstedelen av topplatået og fjellet ligg i Harstad kommune, medan den vestlege delen av Hårberget ligg i Tjeldsund kommune i Nordland fylke.

Det samiske namnet tyder «Holmfjellet», men det norske namnet kjem truleg av Horgberget. Horg (bergknoll, bergtorp) kjem av det gammalelnorske ordet horgr, og har dermed truleg òg gjeve namnet til bygda Hårvik på vestsida av fjellet[1].

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Finn Myrvang (1986), Hårberget, Horvika – og Sandtorg, arkivert frå originalen 3. desember 2008, henta 26. april 2008 
Spire Denne geografiartikkelen som har med Troms å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.