Hårek den hardbalne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Suvenirbutikk med Hårek-dekor i temaparken Islands of Adventure i Florida i USA.

Hårek den hardbalne (engelsk originaltittel Hägar the Horrible) er ei teikneserie skapt av den amerikanske teiknaren Dik Browne (1918-1989) i 1973. Hårek er ei avisserie med både dagsstriper og søndagssider og er eigd og distribuert av King Features Syndicate. Sidan 1988 har son til Brown Chris Browne teikna Hårek. I Norge er det Gard Espeland som omset serien til nynorsk for Bulls Pressetjeneste.

Hårek er ein viking frå mellomalderen som konstant dreg på plyndretokt til England. Heime har han kona Gyda, borna Frode og Møyfrid pluss hunden Fenris og anda Kvakk. Med seg på tokt har han kompisen Kark, som har ei jerntrakt på hovudet og er dum som eit brød. Det er også andre personar som er med, blant anna Seidmannen (ein druideliknande lege), ein dragedrepar i rustning, mannskapet til Hårek og eigaren av eit slott i England.

Teikneserien er full av humor, både den enkle med illustrerte vitsar, ordspel og merkelege situasjonar, og den litt meir djupe som meningane til Gyda og sånt som tar litt tid å forstå.

Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk