Hårfrytle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hårfrytle


Illustration Luzula pilosa0.jpg

Systematikk
Domene: Eukaryota
Rike: Plantae
Klasse: Monocotyledonae
Orden: Poales
Familie: Juncaceae
Slekt: Luzula (Frytle)
Art: L. pilosa
Vitskapleg namn
Luzula pilosa

Hårfrytle er ei plante i sevfamilien. Arten har ei sirkumpolar utbreiing. Planta vert kring 15 cm høg og har lysgrøne blad som er 5-10 mm breie og står grøne om vinteren. Slakt strå som tidleg legg seg ned. Mørkbrune blomsterblad med kvit hinnekant. Gulbrun kapsel. Frø med kvit saftfylt utvokster. Frøa vert spreidde av maur. Planta blomstrar kring april månad i skog og kratt. Vanleg gjennom heile Noreg, funnen til fjells opp til 1300 m.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Svensk wikipedia.
  • Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.