Håvamål

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Håvamål eller Hávamál tyder noko nær Talen til den høge. Den høge vil i denne samanheng seia guden Odin.

Håvamål er eit kvad i den eldre Edda. Samlinga av dikt vart skrive ned på Island1200-talet, men mykje kan ha opphav i Noreg. Somme strofer kan vera frå 1100-talet og 1200-talet, men delar kan vera mykje eldre. Språket og skikken med likbrenning kan tyda på at mykje vart dikta frå 800-talet av. Dikta vart mykje overført munnleg til nye generasjonar.

Håvamål er i hovudsak eit langt læredikt om god og dårleg oppførsel. Guden Odin tek av og til ordet for å fortelja om sitt eige liv.

Det vert oppmoda om å fara varleg fram, visa gjestfridom og ha måtehald med mat og drykk. Ein skal vera tru mot venene sine og ikkje innlata seg med uvener eller venene deira, gå anstendig kledd, verdsetja òg dei små gåver, ikkje spela klokare enn ein er, og tenkja over kva ein seier. Ein må setja pris på livet, sjølv om ein er fattig eller sjuk. Det er betre å vera blind enn daud og brend. Hugs å ta med rett mat på reise, hån ikkje dei fattige, og tenk at eit godt ettermæle varar evig.

Det vert fortalt korleis Odin vert lurd av jotunen Billing si dotter. I staden for ei ven kvinne finn han ein bunden hund i sengja. Odin på si side lurde jotunen Suttung si dotter Gunnlòd. Slik skaffa Odin skaldemjøden eller suttungmjøden til menneska.

I eit avsnitt som vert kalla Runegaldret, ofrar Odin seg sjølv til seg sjølv ved å hengja seg i livstreet Yggdrasil. Etter dette drikk han av skaldemjøden og får innsikt i runemagi og tryllesongar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]