Håvard Flo
Håvard Flo (fødd 4. april 1970) er ein norsk fotballspelar/trenar. Han spelar spiss for Sogndal fotball, og skal frå 2008-sesongen fungere som spelande sportssjef. Flo har til saman spela 26 A-landskampar. Flo skåra Norges mål i VM-kampen mot Skottland i 1998, og er notert med totalt 7 landslagsmål.
Til likskap med resten av Flo-familien byrja Håvard Flo fotballkarriera i Stryn Fotball, og drog etter dette til Sogndal. I 1995 gjekk han til den danske klubben AGF Aarhus, og spelte seinare i tyske Werder Bremen og engelske Wolverhampton. I Wolverhampton blei Flo aldri noko meir enn ein benkeslitar, og han gjekk gratis attende til Sogndal sommaren 2001 der han spelte resten av karrieren. Han var Sogndal sin toppskårar i serien i fleire sesongar, med 12 seriemål i 1. divisjon i 2006, 15 i 2007 og åtte i 2008-sesongen. Sommaren 2007 prøvde Brann å hente Flo til klubben som ein erstattar for spissen Bengt Sæternes som vart selt til danske OB. Brann ønskte i første omgang å låne Flo, men både dåverande sportsleg leiar Anders Giske, og Håvard Flo sjølv sa nei.
Håvard Flo er fetter av Jostein og Tore André Flo.
Karriere som spelar [endre]
(oppdatert 28. januar 2008)
| Klubb | Kampar | Mål | Periode |
|---|---|---|---|
| ? | ? | ????-1990 | |
| 144 | 57 | 1990-1994 | |
| 53 | 27 | 1994-1996 | |
| 55 | 5 | 1996-1999 | |
| 43 | 10 | 1999-2001 | |
| 208 | 87 | 2001- |
|
|
||
|---|---|---|
| 1 Grodås • 2 Halle • 3 Johnsen • 4 Berg • 5 Bjørnebye • 6 Solbakken • 7 Mykland • 8 Leonhardsen • 9 T. Flo • 10 Rekdal • 11 Jakobsen • 12 Myhre • 13 Baardsen • 14 Heggem • 15 Eggen • 16 J. Flo • 17 H. Flo • 18 Østenstad • 19 Hoftun • 20 Solskjær • 21 Riseth • 22 Strand • Trenar: Olsen |
||