Håvard Gibøens draum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Håvard Gibøens Draum, og kalla Håvardsdraumen, er ein springar som er uløyseleg knytt til Håvard Gibøen. Det er fortald at Håvard sovna ved Oterholt nordanfor Bø i Telemark, og her drøymde han denne slåtten. Men taka i slåtten er eldre enn Håvard. Visseleg har Gibøen bygd ut den mest kjende forma, men slåtten finst og i Lærdal og i Hardanger. Jamvel ein av sildeperslåttane frå Hallingdal har sams tak med Håvardsdraumen.

Rikard Berge skriv om slåtten:

Haavards draum er ein springar som høyrer til dei mest nytta Telemarks-slaattar no, væl lika baade av spelemannen og aahøyraren. Det er Knut Dales form som er den aakjende, og han hadde han beint etter meistaren. Etter Dale skreiv kapelmeistar Johan Halvorsen upp slaatten, og Edvard Grieg sette denne uppskrifti ut for piano. Han er av Halvorsen uppskriven i vestlandsk takt, og hev ikkje rettig Telemarks-daamen. Seinare er au prenta ei uppskrift av Arne Bjørndal, etter Torkjell Haugerud. Fonografisk hev eg teke upp slaatten etter Knut Dale.

Slaattenamnet er uppkomi lenge etter Haavards tid; venteleg er det fyrst teki i bruk i Bø, og det er au rimelegt at Bø er den staden slaatten hev teki form. Det svarar heilt til soga um Myllargutens draum soleis... (Berge: Haavard Gibøen).

Rikard Berge reknar det for visst at slåtten har røter i Bø. Eivind Groven si samanstilling av variantar tyder på eit meir komplisert bilete. Mykje tyder i røynda på at slåtten har røter og oppkome i Lærdal. Korleis Gibøen då har kome til slåttetaka er ikkje kjend.

Variantgruppa[endre | endre wikiteksten]

Slåttegruppa har katalognummer 510 i Hardingfeleverket. Gruppa har sju variantar.

  • c: Håvards Draum, etter Eilev Smedal, Seljord[3]. Nedskrift Eivind Groven 1950 etter opptak (G 1221). Groven skreiv opp slåtten slik han mintest han etter Smedølen, men og etter andre kjelder. Difor lyt ein rekne det som sant at dette er ei form Groven har brigda noko på.

Variant 510g er då den einaste slåtten i Hardingfeleverket som er klårt knytt til to ulike grupper. Slåtten skil seg og frå dei hine av di han har felestillet G-D-A-D (Halv kvint eller Ljosblått).

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]