Håvard Solbakken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Håvard Solbakken
Statsborgarskap Noreg
Fødd 9. august 1973 (50 år)
Noreg
Idrett langrenn
Tok del i

Ski-VM 2001

Håvard Solbakken (fødd 9. august 1973) er ein tidlegare norsk langrennsløpar. Under VM 2001 i Lahti tok Solbakken bronsemedaljen på sprinten, bak verdsmeisteren Tor Arne Hetland og Cristian Zorzi. I sesongen føreåt, 2000, kom han på tredjeplass i samandraget i sprintdelen av verdscupen.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Solbakken debuterte i verdscupen i 1997 med ein 62. plass på femmila i Holmenkollen. Han kom aldri høgt på resultatlistene i vanleg langrenn internasjonalt, beste plasseringa han var 20. plassen på 15 km i Sappada i desember 1999. To gonger vann han bronsemedalje under noregsmeisterskap, på 10 km i 2000 og 50 km 2004. Han tevla for Tromsdalen Ungdoms- og Idrettslag.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn (berre sprint)[endre | endre wikiteksten]

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

Solbakken la opp i 2006.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]