Hærverk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Knuste glasruter og øydelagde dører er vanlege former for hærverk.
Graffiti, här i form av Tags, är en typ av vandalism.

Hærverk eller vandalisme er å øydeleggja noko med vilje. Omgrepet viser i bokstaveleg tyding til raseringar utførte av vandalar eller andre herjande hærar, men blir i moderne tid heller brukt om kvardagsleg øydelegging av til dømes kunst eller eigedom.

Hærverk blir gjerne sett på som noko negativt og er ofte lovbrot. Det er likevel blitt forsvart av målaren Gustave Courbet i samband med øydelegging av monument som stod for «krig og erobring». Når totalitære styre fell, er det blitt vanleg å rasera statuar og andre symbol for regime, til dømes i samband med fallet til kommuniststyra i austblokklanda.

Vandalistiske handlingar er òg blitt brukt som kreativt uttrykk innan moderne kunst. Graffiti (tagging) er til dømes ei uttrykksform som både kan vera øydeleggjande og skapande.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.