Hòv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Utgravingsteikning (av spor etter veggar og stolpehol) av det som ein trur har vore eit hòv i Uppåkra sør i Sverige, og eit framlegg til rekonstruksjon av bygningen på grunnlag av desse funna. På utgravingsteikninga er restar etter ein eldstad markert med raudt, og eit beger og ein glasskål vart funne der det er markert med grønt. eit hundretals gullgubbar vart funne i stolpehola og nedgravingar for veggane.

Hòv (norr. hof) viser til stader for utøving av norrøn religion. Det er usikkert om dette viste til stader innan- eller utandørs, til eigne tempel eller bygningar som også hadde andre bruksområde. Truleg har ein hatt ulike typar hòv ulike stader.

Spor etter førkristne bygningar som er tolka som hòv er funne under arkeologiske utgravingar mellom anna i Uppåkra på Lundsletta i nærleiken av byen Lund i Skåne i Sverige, og på eit område på Ranheim i Trondheim, der det òg vart funne ei steinrøys av ein slik skapnad og konstruksjon at ho vart tolka som ei horg, og dessutan ein veg mellom to steingardar som ein meinte kunne ha vore ein prosesjonsveg.

Stadnamn avleidde av hof er utbreidde i Noreg og Sverige, både som usamansett ord (Hov, Hof, Hoff, Hove) og i samansetjingar med stadtilvisingar (Hovin, Hoftun, Hofstaðir) eller med gudenamn (som Norderhov av Njarðarhof og Torshov).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Hòv

Sjå og[endre | endre wikiteksten]