Hómentashn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Heimelaga hómentashn.
Foto: Yoninah

Hómentashn pl.  (jid. הָמן־טאַשן [hómentashn]), òg skrive hamantashen, er ein askenasisk matrett som tradisjonelt blir eten under purím. Hómentashn er omnssteikte trekanta deiglommer som opphavleg alltid hadde fyll av valmuefrø, men som i våre dagar òg kan vera fylte med syltetøy. Namnet var opphavleg móntashn, av jid. «món» (valmuefrø) og «tash» (lomme). Seinare vart første delen av namnet omtolka til «Haman» (askenasisk hebraisk uttale «Hómon»), den vonde personen i Esters bok. På israelsk hebraisk blir matretten kalla אָזְנֵי הָמָן (ozné Hamán). Sefardiske jødar frå Balkan har ein liknande matrett som går under namnet «orejas de Hamán».

Spire Denne matartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.