Hönne
| Hönne | ||
|
|
||
| Utspring | Neuenrade | |
| - Høgd | 437 m | |
| Munning | Ruhr | |
| Land i nedslagsfelt | ||
| Lengd | 33 km | |
| Nedslagsfelt | 262 km² | |
Hönne er ei elv nord i Sauerland i Nordrhein-Westfalen i Tyskland, og ei av sideelvane til Ruhr frå venstre. Ho har sitt utspring vest for Neuenrade i ei høgd 437 meter over havet. Etter 33 km munnar elva ut nær byen Fröndenberg. Det totale nedslagsfeltet til elva er 262 km²[1].
Verdt å merke seg er den smale dalen mellom Balve og Menden, der Hönne har grave ut eit 60 meter djup gjel i kalksteinen. Det ligg fleire grotter i dalen, der Balver Höhle og Reckenhöhle er opne for turistar. Når vassnivået i elva er lågt kan enkelte delar av ho verte heilt tørrlagt, sidan vatnet trenger ned i karstfjellet. Enkelte av sideelvane til Hönne vert òg stundom tørrlagde.
Grotter[endre]
Det har vorte danna fleire grotter langs Hönne. Den største ligg ved Balve, der ein har funne spor etter menneske, i tillegg til spor av kannibalisme.
Kjelde[endre]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Hönne frå Engelsk Wikipedia .