Høgblad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Høgblad (bráctea) er blad på planter som sitt like under blomstrane og ovanfor lauvblada og ser annleis ut enn dei vanlege blada på planta. Det kan vere skjell- eller slireforma bladføter. Høgblada kan ha ein annan farge enn dei andre blada og kan då tiltrekke insekte til sjølve blomsten. Dette er tilfelle hos julestjerne og trillingblomst. Ein annan type høgblad er støtteblad, som dannar det bladverket der blomsterkaftet sitt. Andre typar høgblad er forblad, sveipblad (sjå blomsterstand), korgdekkblad, hylsterblad, cupula, agn og ytterbeger[1][2].

Blomsterkorg med korgdekkblad

Referensar [endre]

  1. Widén, Marie; Widén, Björn (red.) (2008). Botanik. Systematik Evolution Mångfald. Studentlitteratur. sid. 191. ISBN 978-91-44-04304-3
  2. https://wiki.umb.no/NLO/index.php/høgblad Norsk landbruksordbok