Høge Tatra
| Høge Tatra | |
|---|---|
|
|
|
| Høgd over havet | Gerlachovský štít (2655 moh) |
| Ligg i/på | |
| Fjellkjede | Dei austlege Tatrafjella |
|
|
|
Høge Tatra (slovakisk og tsjekkisk Vysoké Tatry, polsk Tatry Wysokie) er ei fjellkjede på grensa mellom Slovakia og Polen. Dei er ein del av Dei austlege Tatrafjella.
Innhaldsliste |
[endre] Skildring
Høge Tatra har 11 toppar utan 2500 meter over havet er i lag med Dei sørlege Karpatane dei einaste fjella med alpin karakter i heile Karpatane, som har ei lengd på 1200 km.
Den største delen og alle dei høgaste toppane ligg i Slovakia. Den høgaste toppen er Gerlachovský štít på 2655 moh. Mange sjeldne og endemiske dyr- og planteartar finst i Høge Tatra, i tillegg til store rovdyr som bjørn, gaupe, mår, ulv og rev.
Området er ein kjend vintersportstad. Av skistader finn ein Štrbské pleso, Starý Smokovec og Tatranská Lomnica i Slovakia og Zakopane i Polen. Byen Poprad er inngangen til dei slovakiske feriestadane.
Den første europeiske nasjonalparken som kryssa landegrenser vart grunnlagd her, Tatra nasjonapark eller Tatranský národný park i Slovakia i 1948 og Tatrzański Park Narodowy i Polen i 1954.
[endre] Fjelltoppar
[endre] Høgaste toppar
Dei femten høgaste toppane i Høge Tatra, alle i Slovakia, er:[1]
| Fjelltoppar | Høgd (m) |
|---|---|
| Gerlachovský štít | 2655 |
| Gerlachovská veža | 2642 |
| Lomnický štít | 2633 |
| Ľadový štít | 2627 |
| Pyšný štít | 2623 |
| Zadný Gerlach | 2616 |
| Lavínový štít | 2606 |
| Malý Ľadový štít | 2602 |
| Kotlový štít | 2601 |
| Lavínová veža | 2600 |
| Malý pyšný štít | 2591 |
| Veľká Litvorová veža | 2581 |
| Strapatá veža | 2565 |
| Kežmarský štít | 2556 |
| Vysoká | 2547 |
[endre] Kjende toppar
[endre] Fjellvatn
- Morskie Oko - 1395 moh, 51 m djup
- Czarny Staw pod Rysami - 1583 m, 76 m djup.
- Wielki Staw Polski - 1664 m, 79 m djup.
- Štrbské pleso - 1347 m, 20 m djup.
- Veľké Hincovo pleso - 1945 m, 54 m djup.
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «High Tatras» frå Wikipedia på engelsk, den 12. mai 2008.
- ↑ Najvyššie pohoria Slovenska (Slovak). Matej Lednár (2003). Vitja 2. juni 2007.
- The Tatras: High, Western, Bela's (1:50,000 hiking map) BBKart/Marco Polo 2005.
[endre] Bakgrunnsstoff
Images: