Høglandsfe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eit raudt dyr av høglandsfeet.

Høglandsfe eller skotsk høglandsfe er ein storferase frå Skottland. Dyra har lange horn og tjukk langhåra pels i svart, raudt eller gult.

Feet vart avla fram i høglandet og på dei vestlege øyane i Skottland. Frå tidleg på 1900-talet har avlsdyr vorte eksportert til resten av verda, spesielt til Australia og Nord-Amerika. Feet vart utvikla frå to kvegbesetningar, den eine svarthåra og den andre raudhåra.

Kommersiell suksess[endre | endre wikiteksten]

Høglandsfe i dyrehage (Pionirska dolina i Sarajevo)

Høglandsfeet er kjent som hardført og tilpassa det skotske høglandet der vêrlaget er prega av mykje regn og vind. Feet har med gode resultat vorte introdusert i mange tempererte land og spesielt i land med kaldare vintrar enn Skottland har, slik som det sentrale Europa og Canada.

Håret gir vern gjennom vinteren, og dyra er flinke til å finne mat i bratt fjellterreng. Dei et både gras og plantar som anna fe skyr. Kjøtet er magrare enn på anna kjøtfe fordi høglandsfeet får god isolasjon frå håret og ikkje treng så mykje feitt. Pelsen gjer at dyra trivst utandørs i tilhøve som er utrivelege for dei fleste kjøtfekrøter. Slik kan høglandsfeet produsere godt med kjøt i landområde som vanskeleg kan gi utbyte gjennom anna jordbruk.

Høglandsfeet vert i somme høve kryssa med andre kjøtferasar, som limousinfe eller charolais.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]