Høgmellomalderen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nidarosdomen blei bygd i høgmellomalderen.

Høgmellomalderen er ei periode av europeisk historie, den midtre delen av mellomalderen (etter tidleg mellomalder og før seinmellomalderen). Høgmellomalderen er rekna å ha omfatta 1000-talet og 1200-talet.

I dette tidsrommet såg Vest-Europa større stabilitet og vekst. Det blei fleire menneske, klimaet var varmt og gunstig for jordbruk, og skog- og myrområde blei rydda og folkesette. Det blei bygd ei rekkje kyrkjer i ny gotisk stil.

Barbarinvasjonar og vikingraid var stort sett slutt, og det blei utvikla statar i Norden og Ungarn, rike bystatar i Italia, og tidlegare statar som Frankarriket voks og fornya seg. Bortsett frå mongolinvasjonane kom ingen større trugsmål utanfrå. I staden oppfordra den katolske kyrkja kristne europearar til å ta tilbake landområde som var blitt muslimske gjennom Reconquista og fleire krosstog i Midt-Austen.

Bayeuxteppet er eit broderi laga like etter den normanniske invasjonen av England.

Norsk høgmellomalder[endre | endre wikiteksten]

I Noreg er høgmellomalderen rekna for perioden frå 1184 til 1319, frå slaget ved Fimreite til Noreg gjekk inn i personalunion med Sverige.

Tidsline[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Middle Ages: The High Middle Ages on Columbia Electronic Encyclopedia at infoplease
    Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.