Høgskolen i Akershus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Høgskolen i Akershus (HiAk) blei skipa 1. august 1994 og hadde omkring 3900 studentar og 300 tilsette i 2010. Høgskolen var ein av 24 statlege høgskular i Noreg. HiAk var eit resultat av at fem statlege høgskular i Oslo-området blei slått saman som ein del av Høgskulereforma i 1994.

Høgskolen vedtok samanslåing med Høgskolen i Oslo den 9. desember 2010. Den nye høgskolen vart oppretta den 1. august 2011 og fekk namnet Høgskolen i Oslo og Akershus.

Samanslåingar[endre | endre wikiteksten]

Høgskulen sine «føregjengarar» skriv seg meir enn 150 år tilbake i tid, til den første utdanninga av jordmødrer som kom i stand i Kristiania på 1850-talet. 1. august 1994 vart desse institusjonane slegne saman ved opprettinga av HiAk:

Fram til 2003 hadde HiAk lokalitetar på Blaker, Lørenskog, Stabekk og i Sandvika. I 2003 blei Høgskolestiftelsen på Kjeller slått saman med HiAk og alle 5 lokalitetane blei samlokalisert i nye lokalar hausten 2003 på Kjeller utanfor Lillestrøm. Lokala bestod av delvis eksisterande bygningar som tidlegare høyrde til Televerkets forskningsinstitutt (seinare Telenor FoU), samt ein del nybygg som stod ferdige til bruk i september 2003. I tillegg hadde HiAk lokale i Kunnskapens hus på Kjeller.

Utdanningar[endre | endre wikiteksten]

Høgskolen tilbydde fag- og profesjonsstudium. Desse kunne takast i varierande lengder frå halvårseiningar til bachelorgrader, mastergrader og nokre doktorgradstudiar, samt ei rekkje kurs-, etter- og vidareutdanningar.

Høgskolen hadde fire avdelingar:

  • Avdeling for atferdsvitskap
  • Avdeling for helse, ernæring og leiing
  • Avdeling for produktdesign
  • Avdeling for yrkesfaglærarutdanning

Rektor[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]