Høgskolen i Hedmark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Høgskolen i Hedmark
Grunnlagt 1994
Type Statleg høgskole
Rektor Lise Iversen Kulbrandstad
Stad Hamar, Elverum, Åmot, Stor-Elvdal
Studentar 5 250
Tilsette 450
Nettstad www.hihm.no
Høgskolen i Hedmark, Campus Hamar.
Foto: Cato Edvardsen

Høgskolen i Hedmark (HH) vart etablert 1. august 1994 og har 5 250 studentar og 450 tilsette. Høgskolen er ein av 22 statlege høgskolar i Noreg og er eit resultat av at fire statlege høgskolar på Hamar, Elverum, Åmot og Stor-Elvdal vart slått saman som ein del av Høgskolereformen i 1994.

Høgskolen har i dag undervising ved fire campus; Hamar, Elverum, Åmot og Stor-Elvdal, i tillegg til desentraliserte studiestader på Tynset, Kongsvinger og Otta. Hovudadministrasjonen ligg i Elverum. Høgskolen deltar i eit utviklingsprosjekt saman med Høgskolen i Lillehammer og Høgskolen i Gjøvik med sikte på å utvikle universitetskompetanse, Prosjekt Innlandsuniversitetet.

Høgskolen tilbyr vel 100 fag- og profesjonsstudiar innan følgjande fagområde;

  • Lærarutdanningar
  • Helse og idrett
  • Økonomi og leiing
  • Kommunikasjon og samfunn
  • Språk og kultur
  • Skog, miljø og natur
  • Landbruk og bioteknologi
  • Design, spel og media

Studiane kan takast i varierande lengd frå halvårseiningar til bachelorgrader, mastergrader og enkelte doktorgradstudiar, i tillegg til ei rekke kurs-, etter- og vidareutdanningar.

Høgskolen sine fire avdelingar:

  • Helse og idrettsfag - HI, Campus Elverum
  • Lærarutdanning og naturvitskap - LUNA, Campus Hamar
  • Skog og utmarksfag - SUE, Campus Evenstad
  • Økonomi, samfunnsfag og informatikk - ØSIR, Campus Rena

Høgskolen tilbyr internasjonalisering av studiar. Det er mogleg å ta delar av den ordinære utdanninga i utlandet, eller ein kan halde fram med utdanninga i utlandet etter fullførde studiar.

Sjå òg [endre]

Bakgrunnsstoff [endre]

Mal:Utdanning i Hamar