Høgskulen i Sogn og Fjordane
Høgskulen i Sogn og Fjordane (HSF) vart skipa 1. august 1994 og har i dag omkring 3000 studentar og 300 tilsette. Høgskulen er ein av 24 statlege høgskular i Noreg. Den er eit resultat av at fire statlege høgskular i Sogndal, Førde og Sandane blei slått saman som ein del av Høgskolereforma i 1994. I tillegg til dei fire høgskulane blei Spesialpedagogikkutdanninga på Sandane (skipa 1981 og i regi av Statens spesiallærarhøgskole og Musikkterapiutdanning på Sandane (skipa 1988 med Østlandets Musikkonservatorium som fagleg ansvarleg) innlemma i høgskulen.
Høgskulen tilbyr fag- og profesjonsstudium innan ingeniør- og naturfag, helsefag, lærarutdanning, samfunnsfag, reiseliv, leiing og økonomi. Desse kan takast i varierande lengder frå halvtårseiningar til bachelorgrader, mastergrader og nokre doktorgradstudium, samt ei rekkje kurs-, etter- og vidareutdanningar.
Høgskulen har fem avdelingar:
- Avdeling for ingeniør- og naturfag (Sogndal og Førde)
- Avdeling for helsefag (Førde og Sandane)
- Avdeling for lærarutdanning og idrett (Sogndal og Sandane)
- Avdeling for samfunnsfag (Sogndal)
- Avdeling for økonomi, leiing og reiseliv (Sogndal)
Høgskulen tilbyr internasjonalisering av studia, både høve for å ta delar av den ordinære utdanninga i utlandet, eller ved å halde fram med utdanne seg i utlandet etter avslutta studium.
Rektor i 2009 er Åse Løkeland.