Høgtalar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gå til: navigering, søk
Fig. 1 Døme på ein dynamisk høgtalar.

Ein høgtalar er ein akustoelektrisk omformar som konverterer frå elektrisk til akustisk energi (lyd). Høgtalarar arbeider i det for menneske hørbare området, som grovt sett dekkjer frekvensintervalet 20 Hz til 20 kHz.

Innhaldsliste

[endre] Innleiing

Dei fleste høgtalarane er spenningstyrte, slik at lydtrykket er proporsjonalt med drivspenninga. Straumstyrte høgtalarar (lydtrykket er proporsjonalt med drivstraumen) må drivast av straum eller transkonduktansforsterkarar og har lita utbreiing.

Høgtalarar er meir kompliserte enn dei ser ut for. Dette heng saman med at dei er sett saman av eit elektrisk, eit mekanisk og eit akustisk system. Desse systema er tett kopla og må avstemmast slik at det akustoelektromekaniske systemet fungerer som tiltenkt. Ein kompliserande faktor er at det akustiske systemet ikkje berre består av høgtalaren, men av høgtalaren og lytteromet. Dette er ein lite påakta, men viktig, faktor. Plassering av høgtalarar og lyttarar i lytterommet er viktige faktorar for å oppnå så god attgjeving som mogeleg.

[endre] Arbeidsprinsipp

Høgtalarar arbeider etter ulike prinsipp og har ulike eigenskapar.

[endre] Elektrodynamisk høgtalar

Dynamisk høgtalarelement.

Elektrodynamiske høgtalarar har ein konisk membrann driven av ein lineærmotor. Motoren er konstruert av ein spole plassert i eit magnetisk felt, sett opp av ein permanentmagnet. Motoren vert driven eit audiosignalet forsterka av ein effektforsterkar. Når straumen i svingspolen varierer i takt med audiosignalet vil membranen bevega seg att og fram og stråla ut lydbølgjer.

Dynamiske høgtalarelement er som oftast plasserte i ei eller anna form for kabinett, som hindrar at lydbølgjene går rundt elementet og vert kortslutta. Den innestengde lufta a kabinettet fungerer som ei fjør som tener som last akustisk last.

Elektrodynamiske høgtalarar med massekntrollert membrann stammar frå midten av 1920-talet [1]

[endre] Magnetostatisk høgtalar

[endre] Bladhøgtalarar

[endre] Elektrostatisk høgtalar

[endre] Ionehøgtalar

[endre] Pizoelektrisk høgtalar

Denne typen vert stort sett nytta i alarmar o.l, der det er viktig at den fysiske storleiken er liten.

[endre] Multielementhøgtalarar

Fig. 2 Audiosprektret delt i tre delfrekvensband.

Det hørbare området dekkjer eit frekvensinterval på om lag 10 oktavar (3 dekadar og det er svært vanskeleg å laga høgtalarelement med så stor bandbreidd.

Dei aller fleste høgtalarar nyttar difor to, eller fleire, element som dekkjer kvart sitt frekvensområde. Fig. 1 syner korleis ein trevegs høgtalar deler frekvensintervalet i eit lågfrekvensområdet (bass), eit mellomtoneområde og eit høgfrekvensområde (diskant).

[endre] Delefiltre

[endre] Høgtalargrupper

Dette er grupper av høgtalarar (en: høgtalararrayer etter den engelske nemninga Loudspeaker arrays. Ved å setta saman høgtalarar i grupper etter nøye utrekna mønster oppnår ein større direktivitet og/eller styrbar dirrektivitet.

[endre] Bruksområde

Høgtalarar vert nytta til mange ulike føremål. Ein skil ofte mellom forbrukarhøgtalarar, høgttalarar til profesjonell bruk, lydforsterkningsystem, men det finst mange andre måtar å klassifiser bruksområda på.

[endre] Forbrukarhøgtalarar

Denne gruppa femnar om alt frå små frå små billige høgtalarar av tvilsam kvalitet, nytta i til dømes klokkeradio og gettoblasterar, til dyre entusiasthøgtalarar. Ein skil ofte mellom billighøgtalarar som dei utan spesiell interesse for lydkvalitet kjøper og kvalitetshøgtalarar, men det er stort overlapp mellom desse gruppene og like stor usemje om kva gruppe ein høgtalar høyrer heime i. Sjølv om kvalitet ikkje let seg måla på ein objektiv måte er det i stort mon semje om at kvaliteten ikkje alltid står i høve til prisen. Dette heng saman med mange faktorar, som produsksjonsvolum, fraktkostnadar, omsetningskjeda, salsstrategi, osb. Høgtalarar innbygde i apparat er òg ofte av låg kvalitet.

[endre] Høgtalarar for lågprisutstyr

Dette er små billige høgtalarar for klokkeradioar, mobiltelefonar, gettoblastarar, o.l. I denne gruppa vert det langt stor vekt på billege råmaterialar og rimeleg produksjon, noko som går ut over kvaliteten.

[endre] Rimelege høgtalarar for attgjeving av musikk i heimen

Ei stor gruppe av forbrukarane (kanskje dei fleste) er nøgde når lydkvaliteten kjem opp på eit vist minimumsnivå og er ikkje viljuge til å betala for å oppnå betre lydkvalitet enn det dei er vane med. Kvar denne grensa går varierer kraftig med musikksmak, interesse for teknologi, personleg økonomi, osb.

[endre] Kvalitetshøgtalarar for stereofonisk attgjeving

Medan folk flest er nøgde når lydkvaliteten når opp på eit visst nivå finst lydentuistar som ser det som viktig at lydkvaliteten er så god som mogeleg og som ofte er villige til å betala mange gongar så mykje som folk flest for å oppnå dette.

1970-talet tok ein til å nytta omgrepet Hi-Fi generelt og Hi-Fi-høgtalarar om høgtalarar spesielt, etter den engelse nemning High Fidelity (høg naturligheit; sv: høg naturtrogenhet). På grunn av at omgrepet Hi-Fi har vorte missbruka i reklame vert det ikkje lenger forbunde med kvalitet. Eit anna importord, High End, vert ofte nytta om dyrt utstyr, men høg pris er ingen garanti for at høg kvaliteten.

I denne øvre enden av marknaden finst det eit stort utval av ulike typar høgtalarar. Sjølv om dei aller fleste er dynamiske er det òg eit godt utval av magnetostatiske, elektrostatiske, ymse typar bladhøgtalarar og mange ulike hybridhøgtalarar, som nyttar kombinasjonar av ulike høgtalarelement. Både mellom produsentar og kjøparar er det mange ulike oppfattningar både om kva for eigenskapar ein høgtalar bør ha og kva som er den beste måten å oppnå desse eigenskapane på.

[endre] Høgtalarar for multikanal audio

[endre] Høgttalarar for multikanal audio for video
[endre] Høgttalarar for multikanal tredimensional lydattgjeving

[endre] Høgttalarar til profesjonell bruk

Høgtalarar som vert nytta til profesjonelt arbeid med lyd har ofte eigenskapar som skil seg noko frå forbrukarhøgtalarar.

[endre] Studiomonitorar

Når lydteknikarar arbeider med opptak, redigering og kontrollytting nyttar dei sokalla studiomonitorar, som har stort frekvensområde, rett amplituderespons over heile frekvansområdet og kan gerere store lydtrykk utan at den ulineære forvrengninga vert alt for stor. Studiomonitorar er ofte aktive.

Studiomonitorar har mykje til felles med forbrukarhøgtalarar av høg kvalitet og det hender at sistmemnte vert nytta for kontrollytting. Elektrostatiske høgtalarar har låg forvrengning, slik at det er lettare å oppdage små feil. Av den grunn er nyttar sume lydteknikarar dei til kritisk kontrollytting av opptak av klassisk musikk.

[endre] Kinohøgtalarar

[endre] Høgtalarar for lydforsterkarsystem (PA-høgtalarar)

Lydforsterkarsystem vert òg kalla PA-system, etter det engelse omgrepet Public Address system. Dette er system som vert nytta for å forsterka lyden til ein som talar til ei forsamling i ein stor sal, forsterka lyden frå songarar og akustiske og/eller elektriske musikkinstrument, ved innandørs eller utandørs konsertar. Andre døme på bruk av slike system er forsterking av stemma til kommentatorar ved sportarrangemang o.l. I nokre land kjøyrer politikarar rundt i bilar utstyrte med lydforsterkarsystem for å sanka stemmer. Lydforsterkarsystem for å annonsera avgangar og andre mellingar på jarnvegstasjonar, flyplassar o.l vert òg ofte rekna til denne gruppa.

Slike system har ofte høgtalarar med stor effekt, laga spesielt for dette føremålet. Slike høgtalarar er så godt om alltid dynamiske høgtalarar og nokre er utstyrte med akustiske transformatorar (horn) for å auka virkningsgraden. Det vert produsert mange forskjellige typar lydforsterkingssystemhøgtalarar, med stor variasjon i effekt, spredekarakteristikk, forvrengning og andrer data. Ofte vert det lagt meir vekt på å oppnå stor virkningsgrad enn låg forvrengning, men det er ingen direkte samanheng mellom stor virkningsgrad og låg forvrenging.

[endre] Bilhøgtalarar

Høgtalarar for bruk i bil har hittil alltid vore dynamiske høgtalarar, men det vert forska på å nytta panelhøgtalarar som ein del av instrumentpanelet, tak, dører, o.l. På grunn av at dei som oftast vert drivne med låge spenningar har bilhøgtalarar ofte relativt låge impedansar. Det har vore vanleg å nytta holrommet i dører, instrumentpanelet, o.l. som akustisk last på baksida av elementet, noko som har ført til slumpmessig avstemming og for lite demping, slik at det oppstår ein kraftig resonans ved nedre grensefrekvens.

Dei akustiske tilhøva i bilkupear, saman med veg- og motorstøy gjer at kvaliteten på lyden er mykje lågare enn kva som er mogeleg å oppnå i heimen. Storleiken på ein typisk bilkupe, plasseringa av høgttalarane i høve til førar og passasjerar, resonansar i interiøret, osb. er òg med på å gjera det vanskeleg¨å oppnå god kvalitet på lyden. I det siste tiåret har det vore forska på å nytta aktiv romkorreksjon for å i noko mon bøta på desse problema.

[endre] Soge

[endre] Referansar

  1. Rice, C.W. og Kellogg, E.W., Notes on the development of a new type of hornless loudspeaker, J. AIEE, Vol. 12, 1925, ss. 140-153.

[endre] Sjå òg


Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Høgtalar
Spire Denne elektronikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.