Høgvakuum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Høgvakuum er eit rom der det er så lite gass tilbake at den (gjennomsnittlege) midlare frie veglengda til molekyla er stor samanlikna med dimensjonane til rommet. Dette tyder at sannsynet for at eit gassmolekyl skal støyte mot eit anna når det rører seg frå vegg til vegg, er lite. I praksis blir det rekna for høgvakuum når trykket er under 0,01 pascal. Dette svarar til ei midlare fri veglengd på ca 0,5 m for luftmolekyl og til lufttrykket i ei høgd på 100 km over jordoverflaten.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]