Høle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Høle
Geografi
Kommune Sandnes
Fylke Rogaland
Folkemengd[1] 388 (2012)
Folketettleik 636,1 /km²
Areal[1] 0,61 km²
Annan informasjon
Ferdselsårer E13 508
Postnummer 4308 SANDNES
Kart
Høle is located in Rogaland
58°53′50″N 6°1′15″EKoordinatar: 58°53′50″N 6°1′15″E

Høle er ein tettstad, eit kyrkjesokn og ein bydel i Sandnes kommune i Rogaland fylke. Det var tidlegare òg ein kommune. Historisk har Høle vore ein del av Ryfylke, men er etter innleminga i Sandnes oftast vorte rekna til Jæren.

Høle tettstad[endre | endre wikiteksten]

Tetttaden har 388 innbyggjarar (2012) og ligg på vestsida av Høgsfjorden, 24 km austom Sandnes sentrum. Her ligg Høle kyrkje frå 1860. Aust for Høle ligg ferjestaden Lauvvik.

Høle sokn[endre | endre wikiteksten]

Høle sokn utgjer i dag den austlegaste delen av Sandnes kommune (krinsane Høle, Tengesdal, Ims og Bratthetland) med 1032 innbyggjarar (2013). I eldre tider var det derimot monaleg større. Det femna òg om noverande Forsand kommune og austre delen av Gjesdal kommune (Oltesvik og Dirdal.) I 1852 vart Forsand sokn utskilt, som den gong óg omfatta Dirdal. Ved kommunesamanslåinga 1965 vart Oltesvik krins overført frå Høle til Gjesdal sokn. I seinare tid er Seldal krins vorte overflytta til Høyland sokn.

Høle kommune[endre | endre wikiteksten]

Høle og Forsand høyrde til opphavleg til Strand kommune, men vart i 1965 utskilde som Høgsfjord kommune. 1871 vart den delt i to: Høle kommune og Forsand kommune.[2] Høle kommune vart i 1965 nedlagd og føydd til Sandnes, med unnatak for Oltesvik krins som vart lagd til Gjesdal.[3]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Statistisk sentralbyrå Folkemengd og areal, 1. januar 2012.
  2. Arkivverket
  3. SSB