Hølje Halvorsson Klonteig

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hølje Halvorsson Klonteig
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1. november 1826
Tinn kommune
Død

13. mai 1891 (64 år)
Tinn kommune

Yrke politikar, bonde, lærar, skippar
Språk norsk

Hølje Halvorsson Klonteig (1. november 182613. mai 1891) var ein norsk gardbrukar, dampskipsførar, ordførar og stortingsmann frå Tinn i Telemark. Han var far til Knut H. Klonteig.

Klonteig var son ein gardbrukar i Vestfjorddalen i Tinn. Sjølv var han lærar i Tinn 1844-51 og deretter gardbrukar på farsgarden. Han var medlem av formannskapet i Tinn 1853-89, ordførar 1884-88. Klonteig var kommunekasserar 1856-70 og frå 1866 til -78, samt 1884 til -91 var han førar på eit dampskip på Tinnsjøen. Elles var han 1850-70 presten sin medhjelpar, 1859-78 sparebankdirektør, 1862-84 valmann og 1864-78 forlikskommissær.

Klonteig representerte Bratsbergs amtStortinget 1871-76 og 1878. 1871-74 var han medlem av bankkomiteen, 1875-76 av næringskomite nr 2. For perioden 1877-79 vart han vald til 4. representant, men valet vart forkasta med 78 røyster mot 30. Ved omvalet vart han 1. varamann og møtte i 1878-sesjonen i staden for Eika. Då var han medlem av budsjettkomiteen.

Han døydde på garden sin i Tinn i 1891.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]