Hølonda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hølonda er ein tidlegare kommune i Sør-Trøndelag fylke. Kommunen vart skilt ut frå Melhus som sjølvstendig kommune med namnet Høilandet i 1865, og kommunen hadde da 1 828 innbyggjarar. I 1964 vart Hølonda kommune slått saman med Horg, Flå, Melhus og Langørgengardane i Buvik til den nye Melhus kommune. Hølonda hadde da 1 428 innbyggjarar.

Hølonda ligg i den sørvestlege delen av Melhus kommune, i åslandet mellom Gauldalen i aust og Orkdalen i vest. Landskapet er uoversynleg og særs rikt på skog, med fleire korte dalar og vassdrag i ulike retningar. Det meste av busetnaden ligg 150–350 moh. Bygdesentera er Korsvegen (490 innb. 2004) ved Gaustadvatnet i nord og Gåsbakken nær Hølonda kyrkje i sør.

Namnet stammar frå norrønt Heylandir eller Heylond, av substantivet hey, 'høy', og 'land'.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]