Hønefoss stasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hønefoss stasjon


Stasjonsbygningen på Hønefoss stasjon sett frå perrongen, med Randsfjordbanen til Drammen til høgre på fotoet og Roa–Hønefosslinja til venstre.

Stasjonsområde
Stad Hønefoss, Ringerike (Buskerud)
Distanse 124,21 km frå Oslo
Høgd 96,8 moh.
Opna 13. oktober 1868
Arkitekt Paul Armin Due
Linjer og rutedrift
Linje(r) Bergensbanen og Randsfjordbanen
Eigar(ar) Bane NOR
Operatør(ar) Vy Tog
Overgang
Kart
Hønefoss stasjon

Hønefoss stasjon er ein jernbanestasjon på Bergensbanen og Randsfjordbanen gjennom Hønefoss i Ringerike kommune og vart opna då Randsfjordbanen stod ferdig i 1868. Stasjonen ligg 96,8 meter over havet attmed Ådalselva, tett ved Hønefossen og om lag ein halv kilometer frå sentrumsområdet i byen.

Hønefoss stasjon i 1900.

Den stasjonsbygning som står på stasjonen no, vart teken bruk i 1909 i samband med at Bergensbanen vart opna. Bergensbanen hadde då sitt utgangspunkt på Roa stasjon i Lunner, der toga gjekk på Gjøvikbanen til og frå Oslo. Men frå slutten av 1980-åra vart det til at persontoga vart køyrd over Hokksund og Drammen, og strekninga mellom Hønefoss og Roa stasjonar har no namnet Roa-Hønefosslinja. Rekna over Roa er strekninga til Oslo Sentralstasjon på 89,57 kilometer, men rekna over Drammen på 112,8 kilometer.

Stasjonsbygningen er teikna av arkitekt Paul Armin Due, sonen til Paul Due, som var arkitekt ved NSB i åra 1891–1910 og har stått for fleire stasjonsbygningar i ulike stilartar. Ved bygginga av Bergensbanen hadde sonen teke over teikninga av stasjonsbygningar, og han har teikna ei rekkje av stasjonane på Bergensbanen.[1] Bygningen er oppført i jugendstil i pusset teglstein, og ligg ved inngangen til perrongen, som dannar ei halvøy ut mellom det sporet som går til Roa og har namnet Roa-Hønefosslinja og det sporet som går til Drammen, altså Randfjordbanen, som persontoga på Bergensbanen no nyttar. I første høgda på stasjonsbygningen hadde den store Jernbanerestauranten tilhald fram til 1972, og i andre høgda var det husvære for stasjonsmeisteren. Jernbaneverket har folk tilsett på stasjonen, og det er framleis venterom for ferdafolket, men ikkje billettsal eller billettautomat.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Reisegg, Øyvind (2004). «Paul og Paul Armin Due. To arkitekter, ikke én». Kunst og kultur (4): 224-237. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Hønefoss stasjon