Høvding Seattle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Det einaste kjende bildet av Seattle, frå 1864.

Høvding Seattle[1] (ca. 17901865) var ein leiar av dei nordamerikanske duwamish- og suquamish-stammane i den noverande USA-amerikanske staten Washington. Byen Seattle er kalla opp etter han.

Saman med 82 andre høvdingar frå stammane kring Puget Sound underteikna høvding Seattle i 1855 ein traktat som skulle innebera overdraginga av nesten alt land til amerikanske styresmakter. Landavståinga førte til at fleire stammar gjorde opprør, men dei leid raskt nederlag. Seattle deltok ikkje i denne striden.

Under traktatforhandlingane heldt Seattle ein berømt tale, seinare kalla «Vi er ein del av jorda». Ingen veit i dag nøyaktig kva han sa. Talen blei først omsett til chinuk wawa og så til engelsk. Ein Henry A. Smith tok notat, og skreiv seinare ned «eit brotstykke av talen». Versjonen som oftast blir sitert er nedskriven av Ted Perry i samband med ein film om miljøtrusselen som blei laga i 1972. Denne kjende versjonen av talen kan likevel ikkje vera den same som Seattle heldt, ettersom han inneheld opplysningar og referansar som han umogleg kan ha kjent. Talen er likevel blitt omsett til fleire språk, også norsk[2], og sitert talrike gonger, særleg i samband med urfolksrettar og miljøvern. Eit kjend sitat er «Korleis kan ein kjøpa eller selja himmelen, varmen frå jorda? Tanken er framand for oss. Vi eig ikkje reinleiken i lufta eller glitteret i vatnet. Korleis kan du då kjøpe det av oss? Vi bestemmer berre i vår tid.»

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Høvding Seattle
Wikisource

Teksten til Høvding Seattle ved Wikisource.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Ei anglifisering av lushootseednamnet Si'ahl, også skrive Sealth, Seathle, Seathl og See-ahth.
  2. Høvding Seattle: Vi er en del av jorden. Ex Libris forlag 1991