Høvessong

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Høvesong)

Ein høvessong eller leilegheitssong er ein song som omhandlar ei aktuell politisk eller samfunnsmessig hending. Desse songane er typisk ei blanding av ei forteljing og ein kommentar, men enkelte songar (som Neil Young sin song «Ohio» som omhandla Kent State-massakren) vert rekna som så kjende at berre kommentaren vert nytta.

Høvessongar er ofte, men ikkje alltid, protestsongar. To døme på slike songar er «Talkin' John Birch Paranoid Blues» av Bob Dylan (1963) og «The Marines Have Landed on the Shores of Santo Domingo» av Phil Ochs (1965). Songane kan òg vere ei hyllest til spesielle hendingar som calypsosongen «FDR in Trinidad» (òg kjend som «Roosevelt in Trinidad») som vart spelt inn av fleire artistar på Trinidad i 1936 eller «Woodstock» av Joni Mitchell.

Generelt kallar ein berre ein song for høvessong om songen vart skriven like etter hendinga oppstod, så songar om historiske tema fell ikkje inn under denne klassifiseringa.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]