Høvik Glassverk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Høvik GlassverkHøvik i Bærum kommune var eit føretak som vart oppretta i 1855 med det formålet å produsere flasker av glas. Verket var i drift til 1933.

Den første glashytta vart bygd av Thomas Graham Smyth i 1855 på Høvikstranda.[1] Flaskeproduksjonen gjekk ikkje så bra og i 1859 vart glashytta erstatta av ei ny og moderne hytte. Foretaket vart etterkvart overtatt av Interessentskapet for Hurdal, Biri og Hadeland Glasværker, selskapet som seinare vart Christiania Glasmagasin. Høvik Glassverk tok i 1874 til å produsere lampeglas og lampekuplar. Dette gav grunnlaget for etableringa av ein lampe- og metallvarefabrikk nokre år seinare.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]