Høvikodden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

59°53′15.2″N 10°33′9.5″E / 59.887556°N 10.552639°E / 59.887556; 10.552639

Høvikodden med Henie Onstad kunstsenter sett frå sjøsida. Badestranda til høgre.

Høvikodden er ein stad i Bærum kommune i Akershus fylke som er kåra til kommunen sin tusenårsstad. Staden er eit populært offentleg friluftsområde med mellom anna ein park med ein gangveg langsetter stranda, som er eit parti av ein gangveg som med tida er meint å gå mest mogleg samanhengande langsetter vestkysten av Oslofjorden, kalla Kyststien. Her ligg òg eit gravfelt med røyser som er freda. På sørsida er det ei badestrand som er open for ålmenta.

På Høvikodden ligg Henie Onstad Kunstsenter i eit bygg som vart teikna av Jon Eikvar og Sven Erik Engebretsen, og med utandørsareal med skulpturar. Ofte vert namnet Høvikodden nytta om dette kunstsenteret i staden for det eigenlege namnet på senteret.

Det Norske Veritas, som no heiter DNV GL Group AS etter å ha vorte eit norsk-tysk klassifikasjonsselskap, skipa 12. september 2013 som ein fusjon med Germanischer Lloyd (GL), ligg på austsida av Høvikodden.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]