Høyland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Høyland er eit sokn i Sandnes kommune i Rogaland fylke. Det har òg vore ein eigen kommune.

Høyland sokn[endre | endre wikiteksten]

  • Høyland sokn utgjorde heilt frå mellomaldern eit prestegjeld saman med annekset Soma sokn.
  • I 1841 vart Soma nedlagt og innlemma i Høyland. Same året vart Høyland nye kyrkje bygd som erstatning for Høyland gamle kyrkje og Soma kyrkje som vart rivne samstundes.
  • I 1880 vart Sandnes utskilt som eige sokn.
  • I 1912 vart gardane Forus og Søre Hogstad overførte til høvesvis Hetland sokn og Riska sokn.
  • I 1967 vart den nordvestlegaste delen (tilsvarande omtrent noverande Lura sokn) overført til Sandnes sokn, samstundes som den vestre delen vart utskild som Gand sokn.
  • I 1997 vart den nordaustre delen utskild som Hana sokn.
  • I 2008 vart den søraustre delen utskild som Bogafjell sokn.

Såleis er Høyland sokn no monaleg mindre geografisk utstrekt enn før. I dag omfattar det stort sett bydelane Austrått og Sviland. Det høyrde opphavleg til Jæren prosti, men vart i 1998 ein del av det då nyoppretta Sandnes prosti.

Høyland kommune[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]