Høyrenivå

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Høyrenivå eller høyrestyrkenivå er styrken av lydar slik han blir subjektivt oppfatta med menneskelege høyrsle, til skilnad frå det objektive lydtrykknivået eller lydintensitetsnivået. Skilnaden mellom høyrenivå og lydtrykknivå skriv seg frå den varierande kjensla øyra har for tonehøgder. Høyrenivået blir målt i phon, det objektive lydtrykknivået blir målt i desibel (dB). Ved 1000 Hz er phonskalaen og desibelskalaen like, men ein basstone med frekvens på til dømes 100 Hz, må ha mykje høgare lydtrykknivå enn ein tone ved 1000 Hz for at dei to tonane skal oppfattast som like sterke.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]