Hugh David Politzer
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå H. David Politzer)
| Hugh David Politzer | |
| Fødd | New York, USA |
|---|---|
| Nasjonalitet | Amerikansk |
| Område | Fysikk |
| Doktorgradsrettleiar | Sidney Coleman |
| Kjend for | Kvantekromodynamikk Asymptotisk frihet |
| Utmerkingar | Nobelprisen i fysikk (2004) |
|
|
|
|---|---|
| Fysikk - Kjemi - Medisin - Litteratur - Fred - Økonomi |
Hugh David Politzer (fødd 31. august 1949) er ein amerikansk fysikar og nobelprisvinnar. Han vart tildelt Nobelprisen i fysikk i 2004 saman med landsmennene David Gross og Frank Wilczek for bidraget til å forstå den sterke kjernekrafta som knyt protona og nøytrona saman til atomkjerner. Arbeidet som han fekk Nobelprisen for vart publisert i Physical Review Letters i 1973 som den første publiserte artikkelen hans.
Politzer vart fødd i New York i ein familie av slovakisk opphav. Han vart uteksaminert ved Bronx High School of Science i 1966 og fekk ein Bachelor frå University of Michigan i 1969 og ein filosofisk doktorgrad frå Harvard University under rettleiing av Sidney Coleman.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «David Politzer» frå Wikipedia på bokmål, den 18. februar 2012.