HMS «Centurion» (1732)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«Centurion» tek «Nuestra Señora de Cabagonda». Måleri av Samuel Scott.

HMS «Centurion» var eit linjeskip i Royal Navy med 60 kanonar, bygd ved Portsmouth Dockyard og sjøsett 6. januar 1732.[1]

Førstekaptein på «Centurion» var Francis Dansays.[2] Skipet tente først i Kanalflåten før det tok del i Sir John Norris sitt tokt til Lisboa i 1736. Kaptein George Anson tok kommandoen over «Centurion» i desember 1737 og førte ein liten skvadron til kysten av Afrika, og så til Jamaica, før han vendte tilbake til England i 1739.[2] Skipet vart reparert i Portsmouth mellom august 1739 og januar 1740 for å kunne forstyrre spansk skipstrafikk langs kysten av Sør-Amerika og ta Manila-gallionane.[2]

Jordomsegling[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå George Anson si jordomsegling.

den austerrikske arvefølgjekrigen braut ut fekk Anson kommando over ein skvadron på seks skip og segla til Manila for å ta den spanske kolonien.[3] Ein annan skvadron vart sendt under kaptein Cornwall og skulle segle til Manila via Kapp Horn. Dei to skvadronane skulle avskjere dei spanske skipa som skulle til Manila.[4]

Anson segla med «Centurion» som flaggskipet sitt.[2][3] Skvadronen la til kai i Madeira i Brasil, Port St Julian og Argentina, og nådde til slutt Kapp Horn i mars 1741. No var spanjolane klar over planane om å ta Manila og hadde sendt ut sin eigen skvadron.[3] Ei rekkje uvêr spreidde skipa i flåten og mannskapet vart kraftig redusert på grunn av sjukdom.[3] Anson pressa på og tok fleire spanske handelsskip, og skvadronen heldt fram med å ta spanske busetjingar og avskjere spanske handelsmenn, før Anson segla «Centurion» og «Gloucester» til Kina.[3] «Gloucester» var i så dårleg forfatning at Anson bora det i senk og tok mannskapet over på sitt eige skip, og 15. august gjekk dei i land ved Tinian.[3] 21. september blåste ein tyfon «Centurion» til sjøs. Anson frykta at skipet var tapt og gjorde seg klart til å segle til Kina i ein ombygd spansk bark, men «Centurion» hadde overlevd stormen og mannskapet klarte å segle det tilbake til Anson.[3]

Centurion tar Covadonga. Trykk av Cabadonza frå rundt 1750.

«Centurion» segla til Macau for å verte reparert, før Anson la kursen mot Filippinane i håp om å møte eit spansk skatteskip han kunne ta. Den 20. juni gjorde han nettopp dette og fann gallionen «Nuestra Señora de la Covadonga» med 36 kanonar.[3] Etter eit lite slag vart det spanske skipet teke.[3][2] Dei to skipa segla til Canton den 11. juli, der Anson selde det spanske skipet og sette så segl mot England den 15. desember 1743.[3]

Seinare år[endre | endre wikiteksten]

«Centurion» nådde fram ved Spithead den 15. juni 1744 og var då totalt nedslitt. Skipet gjennomgjekk reparasjonar og vart redusert til 50 kanonar.[2][1] Det fekk ei kort stund namnet «Eagle», men 15. desember 1744 vart namnet endra tilbake til «Centurion» den 15. november 1745.[2]

I seinare år deltok skipet i slaget ved Kapp Finisterre den 3. mai 1747 under hennar gamle kommandant, no kontreadmiral George Anson.[2] Etter fleire reparasjonar segla ho både til Middelhavet og til Nord-Amerika i 1750-åra, og var i 1758 medverkande i omleiringa av Louisbourg og i 1759 i åtaket på Quebec.[2] I 1760 vart ho flaggskipet til Sir James Douglas ved Jamaica[2] og var aktiv i det britisk toktet mot Cuba ved Havanna sommaren 1762.[2]

Siste del av 1760-åra segla ho i Middelhavet før ho i 1769 vart hogd opp.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Lavery, Ships of the Line vol.1, p170.
  2. 2,00 2,01 2,02 2,03 2,04 2,05 2,06 2,07 2,08 2,09 2,10 2,11 Winfield ({{{utgjeve}}}) British Warships of the Age of Sail, s. 112 – utgjevingsstad ikkje oppgjeven.
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 3,6 3,7 3,8 3,9 Paine ({{{utgjeve}}}) Ships of Discovery and Exploration, s. 30–1 – utgjevingsstad ikkje oppgjeven.
  4. Walter ({{{utgjeve}}}) A Voyage Round the World, s. 12 – utgjevingsstad ikkje oppgjeven.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]