HMS «Challenger» (1858)
| Karriere | |
|---|---|
| Namn: | HMS «Challenger» |
| Verft: | Woolwich Dockyard |
| Sjøsett: | 13. februar 1858 |
| Teke ut av teneste: | Chatham Dockyard, 1878 |
| Lagnad: | Opphogd 1921 |
| Generelle mål | |
| Klasse og type: | Korvett |
| Deplasement: | 2171 tonn[1] |
| Daudvekt: | 1465 bm[1] |
| Lengd: | 68,66 m totallengde 61 m (kanondekk) |
| Breidd: | 12,29 m |
| Draft: | 5,28 m (framme) 5,74 m (bak) |
| Framdrift: |
|
| Seglplan: | Fullrigga skip |
| Fart: | 10,7 knop (damp) |
| Utrusting: |
|
HMS «Challenger» var eit dampdriven korvett i Pearl-klassen i Royal Navy (den britiske marinen). Det vart sjøsett 13. februar 1858 ved Woolwich Dockyard. Ho var flaggskipet til Australia Station mellom 1866 og 1870.[2]
Som ein del av North America and West Indies Station tok ho i 1862 del i operasjonane mot Mexico, inkludert okkupasjonen av Vera Cruz. Ho vart flaggskipet til Australia Station i 1866 og i 1868 vart det gjort straffeoperasjonar mot somme folk på Fiji for å hemne mordet på ein misjonær og somme av hjelparane hans. Ho drog ut frå Australian Station seint i 1870.[2]
Ho vart utvald til å utføre den første globale marine forskingsekspedisjonen, Challenger-ekspedisjonen. For å kunne gjere sondemålignar i djupna måtte alle utanom to av kanonane hennar fjernast og sperrene hennar måtte reduserast for å gje meir plass. Laboratorium, ekstra lugarar og ein spesialbygd dreggdekk vart bygt. Ho vart lasta med glaskolbar, alkohol for bevaring av prøvane, mikroskop og kjemiske apparat, trål og dregg, termometer og vassprøveflasker, sondelodd og utstyr for å hente opp sediment frå havbotnen, og store mengder tau for å heise utstyret ned i havdjupna. I alt hadde ho med 291 km med italiensk hamp.
«Challenger» hadde eit mannskap på 243 offiserar, vitskapsfolk og mannskap på reisa som var på 68 890 nautiske mil (127 584,28 km).
Ho vart bestilt som eit skuleskip for Kystvakta og Royal Naval Reserve ved Harwich i juli 1876.[2]
Trass i suksessen med Challenger-ekspedisjonen, leid «Challenger» ein skamleg lagnad. Ho vart seld til Chatham Dockyards i 1878 og vart verande i reserve fram til 1883, då ho vart ombygd til losjiskip i River Medway, der ho vart verande til ho vart seld til J. B. Garnham den 6. januar 1921 og hogd opp for koparbotnen i 1921.[2]
Berre gallionsfiguren er att frå skipet. Dette står på utstilling i foajeen til National Oceanography Centre i Southampton. Den amerikanske romferja Challenger vart kalla opp etter dette skipet.[3]
Bilete [endre]
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «HMS Challenger (1858)» frå Wikipedia på engelsk, den 23. november 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Bastock, John (1988), Ships on the Au Station, Child & Associates Publishing Pty Ltd; Frenchs Forest, Australia. ISBN 0-86777-348-0
- Mal:Winfield