HMS Donovan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
HMS Donovan
Studioalbum av Donovan
Språk engelsk
Utgjeve 1971
Innspelt Juni 1968–1971
Sjanger Folk
Lengd 74:10
Selskap Dawn Records
Produsent Donovan Leitch, Mickie Most
Donovan-kronologi 
Open Road
(1970)
HMS Donovan Cosmic Wheels
(1973)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4.5/5 stars[1]

HMS Donovan er det niande studioalbumet til den skotske visesongaren Donovan. Det er et andre albumet til Donovan med barnemusikk, etter For Little Ones som var ein del av A Gift from a Flower to a Garden. HMS Donovan er det andre dobbeltalbumet hans og vart berre gjeven ut i Storbritannia, i juli 1971.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Donovan gifta seg med Linda Lawrence (ein gong kjærasten til Brian Jones) i oktober 1970. Då Linda vart gravid med det første barnet deira, starta han å arbeide med ei barneplate som inneheld innspelingar frå juli 1968 til 1971. Paul McCartney var med på nokre av innspelingane frå 1968 («Mr. Wind», «The Walrus and the Carpenter», «The Unicorn»), og det er piratkopiar der Donovan spelar desse songane med McCartney til stades. Ein demo av «Mr. Wind» vart spelt inn etter Barabajagal-innspelinga i eit lågare register og med andre stemmeeffektar. Den originale teksten til songen vart trykt på den britiske versjonen av Sunshine Superman, fire år før HMS Donovan kom ut.

HMS Donovan var hovudsakleg produsert av Donovan, men «Homesickness» var produsert av Mickie Most. «Homesickness» er den einaste elektriske rockesongane på albumet, som elles består av akustiske songar. Dei fleste av songane er klassiske dikt sett til melodi av Donovan. Mange av dikta var frå One Hundred Poems for Children samla av Herbert Strang (Clarendon Press, Oxford – 1925). Andre dikt kom frå Lewis Carroll sine Alice's Adventures in Wonderland og Through the Looking-Glass.

Trass i at albumet inneheldt den mindre hitten «Celia of the Seals», selde HMS Donovan dårleg og nådde ikkje lista i Storbritannia. Epic Records nekta å gje ut albumet i USA. Dette fekk Donovan til å slå seg saman med den gamle produsenten Mickie Most for å prøve å finne attende til hit-formelen på det neste albumet.

Etter albumet kom ut var Donovan involvert i to filmar. Først spelte han hovudrolla i Jacques Demy sin The Pied Piper i 1972. Han spelte òg inn musikk for Franco Zeffirelli-filmen Brother Sun, Sister Moon i 1972

Innhald[endre | endre wikiteksten]

All musikk er komponert av Donovan Leitch, bortsett frå der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelTekstLengd
1.«The Walrus and the Carpenter»Lewis Carroll8:36
2.«Jabberwocky»Lewis Carroll2:37
3.«The Seller of Stars»Thora Stowell2:52
4.«Lost Time»Frida Wolfe2:29
5.«The Little White Road»Thora Stowell2:05
6.«The Star» (trad. arr. Donovan) 1:45
7.«Coulter's Candy» (trad. arr. Donovan) 1:44
Side to
Nr.TittelTekstLengd
8.«The Road»Lucy Diamond1:08
9.«Things to Wear»Agnes Grozier Herbertson1:06
10.«The Owl and the Pussycat»Edward Lear2:24
11.«Homesickness» 2:31
12.«Fishes in Love» 1:04
13.«Mr. Wind» 2:38
14.«Wynken, Blynken, and Nod»Eugene Field2:38
Side tre
Nr.TittelLengd
15.«Celia of the Seals»3:02
16.«The Pee Song»2:06
17.«The Voyage of the Moon»5:18
18.«The Unicorn»0:55
19.«Lord of the Dance» (Sydney Carter)2:31
20.«Little Ben»1:44
21.«Can Ye Dance»1:32
Side fire
Nr.TittelTekstLengd
22.«In an Old Fashioned Picture Book» 3:11
23.«The Song of the Wandering Aengus»William Butler Yeats3:56
24.«A Funny Man»Natalie Joan1:51
25.«Lord of the Reedy River» 2:38
26.«Henry Martin» (trad. arr. Donovan) 5:08
27.«Queen Mab»Thomas Hood2:18
28.«La Moora» 2:21

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Donovan – forteljarstemme, vokal, gitar, munnspel, produsent
  • Mary – fele
  • Mike Thomson – bass, orgel
  • John Carr – trommer
  • Danny Thompson – kontrabass på «Celia of the Seals»
  • Cynthia – vokal på «Star», «Wynken Blynken and Nod» og «Pee Song»
  • Mike Bobak – lydteknikar
  • Mickie Most – medprodusent på «Homesickness»
  • John Patrick Byrne – måleri
  • Sid Maurer – kunstnarisk leiar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  1. Melding i Allmusic