HS-diagram

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Is-diagrammet eller hS-diagrammet, er eit diagram som blir særs nytta ved damptekniske utrekningar for varmekraftanlegg og liknande, og som attgjev samanhengen mellom trykket til vassdampen p (atm), temperatur t (°C), entalpi i (kcal/kg) og entropi S (kcal/kgK). Diagrammet vart oppstilt av den tyske fysikaren Richard Mollier. Etter overgang til SI-målesystemet blir entalpien gjeve med bokstaven h og blir målt i kJ/kg, og entropien S blir målt i kJ/kgK. Diagrammet vert derfor no kalla hS-diagrammet, men ein finn ofte den gamle nemninga.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

is-diagrammet. (28.02.2013) I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/is-diagrammet