H II-region

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ørnetåka, eit døme på ein H II-region.

H II-regionar er interstellare romskyer der hydrogenatoma er på ioneform. Namnet kjem av omgrepet H II, som står for ionisert hydrogen. Hydrogenet verter ionisert av ultrafiolett stråling frå varme og unge stjerner som finst i regionen, og gassen verter varma opp til mellom 8 000 og 10 000 K. Levetida til H II-regionar er på nokre få millionar år.

H II-regionar finst som oftast inne i H I-regionar, men har tjukkleikar 10 til 100 000 gonger større enn desse. Den høge temperaturen og tjukkleiken til H II-regionar gjerer at dei vidar seg ut i rommet, då desse verdiane er mykje høgare enn dei til omgjevnadene, både for H I-regionar og interstellart medium.

Den synlege strålinga frå H II-regionar kjem frå ion som fangar opp elektrona att, medan infraraudstråling verter sendt ut frå varmt støv. Fri-fri-overgangar sender ut radiostråling.

Stjernefødestad[endre | endre wikiteksten]

I H II-regionar er dei varme og unge stjernene vortne danna i regionen gjennom ein gravitasjonskollaps inne i gigantmolekylskyer. H II-kompleks er òg karakteristiske for galaksar med eksplosiv stjernedanning, som er galaksar der massive stjerner verter danna særs aktivt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen byggjer på artikkelen «HII region» s. 182-83 i Philip's Astronomy Encyclopedia utgjeven i 2002.