Haag-traktaten i 1698

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Haag-traktaten eller den første delingsavtalen vart signert 11. oktober 1698 mellom England og Frankrike. Avtalen prøvde å løyse problemstillinga om kven som skulle arve den spanske trona og foreslo hertug Josef Ferdinand av Bayern som arvingen. Avtalen fastsette derimot òg at Louis, le Grand Dauphin, skulle få Napoli, Sicilia og Toscana og den tysk-romerske keisaren Karl VI skulle få Nederlanda. Hertug Leopold av Lorraine skulle få Milano mot at han avstod Lorraine og Bar til dauphinen.

Den første delingsavtalen vart ugyldig då Josef av Bayern døydde. Det vart gjort forsøk på ein andre delingsavtale i 1699, som erkehertug Karl avslo fordi Italia ikkje vart gjeven til Austerrike. Kong Karl II av Spania godtok ikkje avtalen, sidan avtalen delte opp Det spanske imperiet, og han testamenterte alle områda sine til den andre sonen til dauphinen, Filip, hertugen av Anjou. Då Karl døydde, gav kong Ludvig XIV av Frankrike opp denne avtalen, testamentet vart motarbeidd (med tvang) og ein lang og kostbar krig som involverte heile Europa, den spanske arvefølgjekrigen, starta i 1701.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]