Haakon Lie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjå òg forfattaren Haakon Lie (1884-1979)
Haakon Lie.

Haakon Lie (22. september 190525. mai 2009) var ein norsk arbeidarpartipolitikar. Han har vore partisekretær for Arbeidarpartiet (1945–69), sentralstyremedlem i Arbeidarpartiet (1945-69) og sekretær i Europabevegelsen (1970–73). Under andre verdskrigen var Lie knytt til LO sitt London-kontor, frå 1944 i USA.

Som politisk aktiv var Lie kjent for den uforsonlege linja si mot kommunismen og venstresida i sitt eige parti. Han var ein ivrig tilhengjar av NATO, og at Noreg skulle ha tette tryggleikspolitiske band til Storbritannia og USA. I tillegg er han kjend som ein tilhengjar av Israel, og jødane sin rett til ein eigen stat. Han har også gjeve ut ei rekke bøker.

Ungdom og tidleg karriere[endre | endre wikiteksten]

Haakon Lie voks opp i Kristiania, noverande Oslo, og tok examen artium i 1925. Han braut av jusstudia etter få dagar, starta opp som skogsarbeidar og tok Statens skogskole i 1927. Men karrieren blei broten av etter at han vart ramma av tuberkulose i 1928 og han kom inn som sekretær i Det norske arbeidarpartiet i 1929 med ansvar for opplysingsarbeid.

Lie vart medlem i Kristiania Arbeidersamfunn som skoleelev så tidleg som i 1921 og trefte då Martin Tranmæl og Einar Gerhardsen. Desse tre kom til å utvikle et nært personleg og politisk samarbeid.

1920-talet: Uro innanfor arbeidarrørsla[endre | endre wikiteksten]

Ved inngangen til tiåret var kommunistane komne til makta i Russland etter revolusjonen i 1917 og borgarkrigen i Russland var ikkje over. Europa låg i ein økonomisk ruin etter første verdskrigen. Dei første spirane til dei fascistiske og nasjonalsosialistiske rørslene i Europa kom til å gro i byrjinga av tiåret.

I Noreg hadde Arbeidarpartiet meldt seg inn i Den kommunistiske Tredje Internasjonalen (Komitern) i 1919 og ved byrjinga av 1920-talet var Arbeidarpartiet kløyvd i tre fløyer.

Då Lie kom inn som sekretær i Arbeidarpartiet var to av fløyene samla att. Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti gjekk inn att i DNA, medan kommunistane hadde danna Noregs kommunistiske parti. I striden som gjekk føre seg på 1920-talet utvikla Lie ei klår antikommunistisk haldning.

Politisk arbeid[endre | endre wikiteksten]

1930-talet og andre verdskrig[endre | endre wikiteksten]

I 1932 hadde Lie løyst si første oppgåve som partisekretær då Arbeidernes Opplysningsforbund (AOF) vart skipa. Han var sjølv sekretær i forbundet fram til 1940. Formålet med samskipnaden var fleire. Lie ville skolere medlemmene og uttrykte at det var viktig å ha ein «tenkende medlemshær».[1] Også upolitiske kulturelle aktivitetar fann plass innanfor organisasjonen, så som teatergrupper og fråhaldslag.

Lie tok initiativ til hjelpen til regjeringa i Spania under borgarkrigen frå 1936 til 1939. Han var sjølv ved fronten i Spania. Engasjementet var driven av Lie si frykt for framgangen til fascismen. På liknande vis sette han i gang hjelpeaksjon i Finland under vinterkrigen. Lie var på besøk i Sovjetunionen to gonger på 1930-talet og det han såg der saman med røynsla frå vinterkrigen gjorde Lie til ein uforsonleg antikommunist.

Etter okkupasjonen av Noreg i 1940 gjekk Lie inn i illegalt arbeid. I den første tida heldt han oppe ein radiosender i landet. I 1941 flykta han til Sverige saman med andre partifolk, og kom seg til London i 1942 der han starta organisering av propagandaarbeid i LO. Han var òg engasjert i velferdsarbeid blant norske sjøfolk. Han var to gonger i Sambandsstatane og samla inn pengar til motstandsarbeid og fekk mykje stønad frå fagrørsla der og frå jødiske organisasjonar. Lie vart ein varm venn av statane Israel og USA etter røynslene han gjorde under krigen.[1]

Etterkrigstida[endre | endre wikiteksten]

Haakon Lie gjekk ikkje inn i samlingsregjeringa eller nokon av arbeidarpartiregjeringane. Men han vert likevel rekba som ein hovudarkitekt for styringa av landet til og med Einar Gerhardsen si fjerde regjering i kraft av sin posisjon som sekretær i Arbeidarpartiet. Partiet hadde fleirtal på Stortinget fram til 1961 og hadde på det meste meir enn 200 000 medlemmer. Det var få kontroversar i Arbeidarpartiet om igjenreisingsarbeidet og annan innanrikspolitikk i perioden. Lie sat som sentralstyremedlem og partisekretær fram til 1969.

Lie vart kjent for sine krasse utfall imot motstandarane, først og fremst kommunistane som han rekna som den store fienden. Kampen mot kommunismen gjekk òg i form av overvaking og registrering av kommunistisk verksemd med utveksling av informasjon mellom LO, Arbeidarpartiet og Dei hemmelege tenestene. Dette kom for dagen i rapporten frå Lund-kommisjonen i 1996.

Utanrikspolitikk[endre | endre wikiteksten]

Etter krigen var hovudlinjene i Lie sin utanrikspolitikk politisk og militært samarbeid med vestmaktene, støtte til Israel og hjelp til den tredje verda. Lie støtta og agiterte for at Noreg skulle gå inn i NATO. Her var det mykje motstand innanfor partiet, men Lie vann fram med sitt syn. Lie og Gerhardsen hadde sterkt motstridande synspunkt i saker som atompolitikk og EU-medlemskap. Lie gjekk inn for opprusting gjennom NATO for å demme opp for kommunismen. Politikken førte til at ein fraksjon braut ut i 1961 og danna Sosialistisk Folkeparti. Som ihuga EU-tilhengar vart Lie tilsett i Europabevegelsen i 1970 og var sekretær der til 1973.

Andre karaktertrekk og engasjement[endre | endre wikiteksten]

Skisse av Haakon Lie

Lie var å rekne som ein modernist på den måten at han tidleg tok i bruk tekniske nyvinningar som filmmediet i opplysningsforbundet. Som talar og agitator var han meisterleg og på 30-talet tok han i bruk effektar og hjelpemidlar i opplysningsarbeidet som talekor og teater, radio, grammofon og lysbilete.

Lie vart tidleg engasjert i utviklingshjelp, han var den som tok initiativet til hjelpearbeid i India i 1953 og fekk skipa Arbeiderbevegelsens solidaritetsfond i 1963.

Av andre resultat han oppnådde kan nemnast skipinga av Tiden norsk forlag, og han fekk i gang fleire hundre amatørteatergrupper gjennom arbeidet sitt.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

(utval)

  • Agitasjon og propaganda : håndbok for tillitsmenn i de norske arbeider-organisasjoner (1934)
  • Nazi i Norge (1942)
  • Britisk fagbevegelse under annen verdenskrig (1944)
  • Arbeiderbevegelsen i De Forente Stater (1948)
  • Søkelys på Sovjet (1953)
  • Kaderpartiet, kommunistisk strategi og taktikk (1954)
  • De kommunistiske dekkorganisasjonene : Dagbladet og kaderpartiet (1954)
  • Hva er i vente (1956)
  • Hvem kan vi stole på? En dokumentasjon om Norges kommunistiske parti under den tysk-russiske alliansen 1939-1941 (1974)
  • Loftsrydding 1920 - 1940
  • Krigstid 1940 - 1945
  • Skjebneår 1945 - 1950
  • ....slik jeg ser det 1945 - 1975 (1975)
  • ...slik jeg ser det 2 1975-1983 (1983)
  • Martin Tranmæl - et bål av vilje (1988)
  • Martin Tranmæl - veiviseren (1991)
  • En Sjømanns Saga - Andrew Furuseth - havets Abraham Lincoln (1993)
  • Slik jeg ser det nå (2008)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Stein Bjørlo: «Lie, Håkon» i Norsk biografisk leksikon, Kunnskapsforlaget (2003)