Haakon VII Fridomskross

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Haakon VII Fridomskross

Haakon VII Fridomskross vart innstifta 18. mai 1945. Medaljen vert utdelt til norske eller utanlandske militære eller sivile for framifrå militær eller sivil verksemd under krig, òg på det administrative planet. Medaljen utgjer ein maltesarkross. Midt i krossen på adversen er det eit sirkulert felt med monogrammet til Kong Haakon VII over bokstaven V (victory=siger) i gylt sølvraud botn. På reversen står det "Alt for Norge 7 juni 1945", som er datoen Kong Haakon VII reiste frå Noreg i 1940 og kom attende i 1945. Medaljen skal berast på venstre side av brystet i eit blått band med ei kvit vertikal stripe langs kvar kant.