Haaretz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Haaretz (hebraisk: הארץ) er ei israelsk avis. Namnet tyder direkte omsett «Landet» og refererer til det heilage landet. Avisa var etablert i 1918 og er Israels eldste dagsavis. Det finst og ei utgåve omsett til engelsk og den kjem ut som vekesavis i Nord-Amerika. Avisa kan lesast på internett både på hebraisk og på engelsk.

Jamført med andre aviser i Israel, særleg Maariv og Yedioth Ahronoth, er overskriftene og skriftstorleiken i «Haaretz» mykje mindre, det er færre bilete og artiklane er meir analytiske.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]