Haarlem

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Haarlem
Flagget til Haarlem Byvåpenet til Haarlem
Flagget til Haarlem Byvåpenet til Haarlem


Plassering
Plassering av Haarlem
Plassering av Haarlem
Styresmakter
Land
Provinsar
 Nederland
Noord-Holland
Borgarmeister Bernt Schneiders
Geografi
Flatevidd
 - By
   - Land
   - Vatn

32,12 km²
  29,32 km²
  2,8 km²
Innbyggjarar[1]
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

147 516
  5 031/km²
Koordinatar 52°23′″N 4°38′″EKoordinatar: 52°23′″N 4°38′″E
Diverse annan informasjon
Nettstad: www.haarlem.nl

Haarlem er ein kommune og by i Nederland. Han er administrasjonssenter i provinsen Noord-Holland og var ein gong ein av dei mektigaste av dei sju provinsane i Dei sameinte Nederlanda. Byen ligg ved elva Spaarne, om lag 20 km vest for Amsterdam nær kystdynene. Han har vore det historiske tulipansenteret i fleire hundreår og har derfor fått kallenamnet Bloemenstad («Blomebyen»). Kommunen Haarlem inneheld òg landsbyen Spaarndam og har totalt nesten 150 000 innbyggjarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Vindmølla De Adriaan

Haarlem vart først nemnd på 900-talet. Namnet kjem frå Haarlo-heim eller Harulahem, som tyder noko slikt som «staden på sand dekt av skog som ligg høgare enn omgjevnadane». Byen låg strategisk plassert ved elva Sparne og ved ein stor veg som gjekk frå nord til sør. På 1100-talet hadde det vorte bygd festningsverk i byen og Haarlem vart residens for grevane av Holland.

I 1219 vart riddarane av Haarlem hylla av grev Vilhelm I fordi dei hadde erobra den egyptiske hamnebyen Damietta (i dag Dimyat) under det fjerde krosstoget. Haarlem fekk då retten til å bere greven sitt sverd og kross på byvåpenet. 23. november 1245 gav grev Vilhelm II Haarlem byrettar.

Alle bygningane i byen var av tre og faren for brann var stor. I 1328 vart nettopp byen råka av ein stor brann og heile byen brann ned. Kyrkja Sint-Bavokerk vart kraftig øydelagd og det tok nesten 150 år før ho vart bygd opp att. I 1347 vart byen råka av ein ny brann, og nok ein gong i 1351, då mellom anna slottet til greven og rådhuset brann ned. Greven bygde ikkje opp att slottet sidan slottet i Haag hadde tatt over alle funksjonane. Rådhuset vart derimot bygd opp att med støtte frå greven.

På 1300-talet var Haarlem ein storby og var den nest største byen i det historiske Holland etter Dordrecht og større enn Delft, Leiden, Amsterdam, Gouda og Rotterdam.

Rundt 1428 vart byen omleira av Jacqueline av Hainaut då Haarlem hadde vald motsett side i krok- og torskekrigen. Heile skogen Haarlemmerhout vart då brend ned av fienden.

Spaarne i Haarlem

11. desember 1572 omleira den spanske hæren Haarlem. Dei første to månadane var situasjonen i balanse. Spanjolane grov tunnelar for å sprenge bymurane, medan innbyggjarane i Haarlem grov tunnelar for å sprenge dei spanske tunnelane. Hæren til Amsterdam støtta spanjolane og kontrollerte innsjøen Haarlemmermeer og blokkerte dermed Haarlem frå resten av verda. Fyrsten av Oranien samla ein hær på 5000 mann for å hjelpe Haarlem, men spanjolane fanga dei og slo hæren. Etter sju månader overgav byen seg 13. juli 1573. Mange av soldatane frå byen vart massakrert eller drukna i Spaarne. Innbyggjarane fekk kjøpe seg og byen fri for 240 000 gylden og byen fekk i krav å huse ein spansk garnison.

Nok ein storbrann råka byen 22.-23. oktober 1576 og om lag ein tredjedel av byen vart øydelagd i brannen og etter omleiringa. Spanjolane reiste frå byen i 1577 og mange flamlendingar og franskmenn flytta inn i byen og han byrja å bløme att.

Byen var ein stor produsent av lin og hadde ølbrygging var ein annan viktig industri i byen. Frå slutten av 1600-talet endra den økonomiske situasjonen seg og i 1752 var det berre sju bryggeri att, og i 1820 var det ingen registrert i byen.

Frå 1630-år vart Haarlem eit stort handelssenter for tulipanar, noko han framleis er i dag. Frå den tid vart det dyrka tulipanar i stort omfang på markene rundt byen.

Etter kvart flytta handelen meir og meir mot Amsterdam og Haarlem vart mindre viktig utover 1700-talet. Mange budde derimot i Haarlem og pendla til Amsterdam i vekene.

I 1795 gjekk den franske hæren inn i Haarlem og han vart ein del av Den bataviske republikken, som hadde ein gjensidig forsvarspakt med Frankrike. Dette førte landet ut i krig med England, som var i krig med Frankrike. Engelskmennene regjerte kystområda utanfor Nederland og den nederlandske økonomien vart hardt råka. Dei økonomiske tilhøva kom seg noko utover 1800-talet då fleire bomullsfabrikkar vart oppretta i byen.

I 1839 vart den første jernbanelinja opna mellom Haarlem og Amsterdam og dette gav Haarlem eit økonomisk løft, og Amsterdam var no berre ein halvtime unna.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]